Referat frå fleire skirenn i vinter

Seniorane i Suldal IL har også gått fleire skirenn i vinter. Her er det fleire langløp og turrenn som har vore mål for vinteren. Her er eit lite samandrag:
(meir…)I tett snøvêr og med stor innsats, brøyta skiløparane seg fram under skikarusellen i kveld. Det var stort sett greitt å smørje, men skispora som stod beine og fine fram til klokka fem, forsvann litt etter litt utover kvelden. Likevel var det ingen sure miner å sjå, og arrangementet, som Hjelmeland IL igjen hadde ei stødig hand på, gjekk godt.
Nå står det att eitt karusellrenn, 23. mars, og då ventar premieutdelinga for årets Telenorkarusell.
Her er resultatlista frå dei som gjekk på tid i kveld:
Lysløypa ligg klar til ny karusell og det er meldt skikkeleg vintravêr med 3- 4 minusgrader og kanskje litt nysnø. Rennet går i klassisk stil og det er Hjelmeland IL som er arrangør også denne kvelden. Start frå kl 17 for aspirantar og trimmarar medan dei som går på tid startar frå kl 18. Kle deg godt og bli med ny skikveld 🙂
Suldalsjentene Marte Krogh og Mathea Vik har i helga (24.-26.februar) deltatt på Hovedlandsrennet i langrenn i Meråker, Trøndelag. Norges Skiforbund inviterer kvart år landets 15- og 16-åringar til å møtast i skisporet. Helga er fullspekka med ulike skirenn, og fungerer nærast som eit NM for desse årsklassane.
Suldal IL stilte i år med to unge og lovande jenter: Marte Krogh i klasse J15 og Mathea Vik i klasse J16. Dei var to av totalt 20 deltakarar frå Agder og Rogaland Skikrets.
Allereie fredag braka det laus med den relativt nye konkurranseforma i langrennssporten: Langrennscross. Tida då utøvarane forsvann ut i skogen, og kom tilbake til oppløpet og målstreken, er langt frå denne nye disiplinen. Her vert arena og løyper fylt med teknisk krevjande utfordringar for skiløparane, og gjerne stor underhaldningsverdi for publikum med action og musikk på skistadion. Langrennscross var veldig kjekt, melder Mathea og Marte! For Mathea var det også her og i sprint, at ho gjorde det aller best. Mathea gjekk inn til ein 15.plass (av 108), medan Marte fekk ein 70.plass (av 121) i langrennscross. Seinare på fredagen venta sprint prolog, kor det til sist endå med ein 24.plass (av 147) for Mathea og ein 108.plass (av 153) på Marte.
Laurdag var det 5 km klassisk distanserenn på programmet. Mathea hadde håpa at det skulle gå litt betre her, då ho enda som nr.43 på resultatlista (av 135). Marte gjekk inn til 106.plass (av 151), og var ikkje heilt nøgd med eigne resultat denne helga. Det er mykje som skal klaffa i skirenn: Med travelt rennprogram og i tunge løyper, skal dagsform og ski vera gode når ein møter jamaldrane frå heile landet. Deltakinga ilag med resten av skikretsen var veldig kjekk og sosial, og dei budde alle på same hotell, kan suldalsjentene fortelja. Helga gav definitivt motivasjon og inspirasjon til å fortsetta med trening og vidare satsing i langrenn, seier Marte. Ekstra nervepirrande var det å starta med første etappe på stafetten på søndagen, fortel Mathea. Ho gjekk for Agder og Rogaland sitt 1.lag, og laget gjekk inn til ein 14.plass av 65 deltakande jentelag. Marte gjekk tredje etappe på Agder og Rogaland sitt 2.lag, og dei kom i mål til ein 32.plass.
Konklusjonen til jentene frå Suldal er klar: Kjempe kjekt å vera med! Kjekt å vera ilag med folk frå heile skikretsen på tur. Og alt i alt så gjekk det jo bra.
Hjelmeland IL leverte eit flott arrangement ein mild kveld i februar. Løypene stod godt sjølv etter betydelege mengder nedbør dei siste dagane.
Rennet gjekk i fristil og det var god innsats og stor skiglede å spore, både frå aspirantar, trimmarar og dei som gjekk på tid.
Her er resultatlista frå dei klassane som gjekk på tid: