by Kjersti Moe | feb 20, 2022 | Ski |
Det har vore ei stor skihelg i løypene ved Mosvatnet denne helga. Suldal IL, har i samarbeid med Hjelmeland IL, arrangert Krinsmeisterskap (KM) på ski, del 2, for deltakarar frå Rogaland og Agder skikrets. (Del 1 var i Sandrip, Vennesla i januar).
(meir…)
by Marta Bakka Lunde | feb 13, 2022 | Ski |
Laurdag 12.febru
ar kunne endeleg Suldalsrennet arrangerast på tilnærma normalt vis. Sidan det ikkje vart noko av dette skirennet i fjor, var det kjekt å sjå mange glade born og vaksne på stadion i år.
Det var eit tett og nokså vått snødrev ved Mosvatnet igår, men det hindra ikkje dei 111 løparane som stilte til start. Innsatsen var god, og det var dei yngste, 3 – 7 år, som gjekk barnerennet som starta fyrst. Det blei gjort på høgtidleg vis der dei vart starta med klokke, startnummer og sendt ut ein og ein med “god tur!” helsing frå startar Siv Åse Hoftun. Mange heia på dei små på stadion og langs heile den vel 500 meter lange runden dei gjekk. Ekstra kjekt å komma i mål, få varm saft og pokal. (meir…)
by Marta Bakka Lunde | feb 10, 2022 | Ski |
Ungdommens Holmenkollrenn
Helga 4. – 6.februar reiste sju ungdommar frå Suldal til Oslo for å gå Ungdommens Holmenkollrenn. Dette er eit skirenn for jenter/gutar i aldersklassane 13 og 14 år, og deltakarane kjem frå heile landet. Det var opp mot 150 løparar i kvar klasse, det er mange konkurrentar, og nivået er høgt.
Det var ei stor oppleving for Ingrid Sukka Mehus, Vilde Tjøstheim, Malina Hammer Fjeldstad, Daniel Bakka, Magnus Lunde Hoftun, Marte Krogh og Roald Emuge Oluka som gjekk to skirenn på to dagar i Holmenkollen.
Laurdag var det 3 km klassisk på klisterføre og alle gjekk gode renn.
(meir…)
by Per Even Tjøstheim | feb 9, 2022 | Ski |
Suldalsrennet i fristil går i lysløypa på Gullingen laurdag 12. februar kl. 13.00.
Gutar og jenter under 8 år har start kl. 12.30.
Løypelengder:
Gutar og jenter under 8 år (tom. 1. klasse) 500 m på stadion
Gutar og jenter 8 år 1km(2. klasse)
Gutar og jenter 9 og 10 år 1,5km(3.-4. klasse)
Gutar og jenter 11 og 12 år 2km(5.-6. klasse)
Gutar og jenter 13 og 14 år 3km(7.-8. klasse)
Gutar og jenter 15 og 16år, kvinner junior og senior 5 km
Menn junior og senior 10 km
Startkontigent kr. 130 for løparar tom. 16 år og kr. 150,- for junior og kr. 170,- for senior.
Skirennet blir arrangert etter gjeldande smittevernreglar.
Det blir kiosk og varmestove, men krav om munnbind ved område kor ein vanskeleg kan halde minst 1 meters avstand
Ingen garderobe.
Parkering kr. 50,-.
Påmelding gjennom Min idrett innan onsdag 9. februar Registrering òg for støtteapparat/foreldre gjennom min idrett. Info: www.suldal-il.no og Arrangement (skiforbundet.no)
Born under 8 år melder seg på i sekretariatet innan kl 12.00 renndagen og dei betalar ingen startkontigent.