by Marta Bakka Lunde | sep 24, 2022 | Ski |
Idag arrangerte Suldal og Hjelmeland IL sonesamling på Gullingen. Mellom 30 og 40 barn og ungdommar møtte opp. Første økt var barmark for alle. 1.-4.klasse hadde leikar og stafettar på parkeringsplassen ved Gullinghuset. God stemning og super innsats. 5.kl og eldre hadde ei god springe- og intervalløkt i lysløypa. Etter ein god lunsj var alle klar for ei rulleskiøkt. Dei miste hadde ulike leikar på parkeringsplassen. Dei eldste gjekk på rulleski i Breiastølsdalen, god fart og stemning. Flott dag på Gullingen i eit fantastisk haustver. Takk til alle som tok turen 

by Kjersti Moe | jun 9, 2022 | Resultatlister, Ymse |
Snøen har smelta, skia er lagt vekk for ei stund og joggeskoa er komen på beina. Idrettslaga i regionen: Hjelmeland IL, Sauda IL og Vindafjord IL har alle arrangert fleire flotte og kjekke løp i vår, og Suldal IL har vore representert med store og små deltakarar. Her er ei oversikt:

Her frå Ølmedal Rundt 2022
(meir…)
by Per Even Tjøstheim | mar 23, 2022 | Ski |
Torsdag 24. mars er det klart for årets siste skikarusell som denne gongen går i fristil. Hjelmeland IL er arrangør og vêrmeldinga spår ein mild og fin kveld. Sidan dette er siste karusellrennet er det klart for premiering. Dei som er aspirantantar eller går i trimklassen, får sine premiar ved innlevering av startnummer i målområdet. For dei som går på tid vil det bli premieutdeling for to-tre klassar om gongen, fortløpande utover kvelden.

by Kjersti Moe | mar 14, 2022 | Resultatlister, Ski, Ymse |
To helger fulle med skirenn, kor Suldal IL har vore sterkt representert er over. Alt frå barneskirenn, landsrenn, langløp i inn- og utland, stafett med meir. Her kan de lesa referat og resultat:
(meir…)
by Per Even Tjøstheim | mar 8, 2022 | Resultatlister, Ski |
I gnistrande vintraver gjekk 3. karusellrenn av stabelen i lysløypa ved Mosvatnet. Det var klassisk stil og med god glid i snøen blei tidene gode.
Offisiell resultatliste 3. karusell
by Per Even Tjøstheim | mar 1, 2022 | Resultatlister, Ski |

Thomas Bakka
25. -27. februar stod Hovedlandsrennet 2022 for tur for dei lokale løparane Thomas Bakka, Mathea Vik og Ella Tjøstheim. Gjennom tre konkurransar fekk dei måla krefter i skisporet med 800 andre ungdommar frå heile landet.
Hovedlandsrennet er uoffisielt noregsmeisterskap for 15 og 16 åringar kor om lag 200 løparar stiller til start i kvar klasse. Dette året var renna lagde til Holmenkollen og det blei konkurrert i klassisk distanse på fredagen, sprint fristil laurdagen og stafett på søndagen. Med så mange løparar blir det kamp om plasseringane og ein skal vera både dyktig, treffe med form og unngå uhell om ein skal ein oppnå gode plasseringar. Agder Rogaland skikrets hadde felles opplegg med både støtteapparat, smørjeteam og overnatting.
I distanserennet var Mathea og Ella først ute i klasse jenter 15 år. Mathea gjekk inn til ein flott 40. plass, medan Ella sette stor fart frå start og tok ein solid 14. plass, kun 30 sek. opp til pallen. Thomas gjekk sitt beste løp for sesongen og kom inn til 49. plass i ein veldig jamn og stor klasse. (meir…)