Bli med på karusellen!

I 40 år har det blitt arrangert skikarusell i Suldal, og mange barn og unge har hatt sitt møte med organisert skisport gjennom dette arrangementet. Sjølvsagt blir det skikarusell i år også, og me i skigruppene i Suldal IL og Hjelmeland IL håpar at mange har lyst til å bli med. Her er litt informasjon om skikarusellen (også kalla Telenor Karusellen mange stader i landet):

I flotte, nypreparerte skispor i lysløypa ved Mosvatnet, kan ein fire ettermiddagar/kveldar i vinter vera med på skirenn. Skikarusellen har ei open og inkluderande form, og det sosiale er vel så viktig som det sportslege. Det betyr at her er alle velkomne til å vera med! Dette er skirennet for deg som har lyst på ein flott skitur i ditt eige tempo, leika på ski, eller deg som har lyst til å ha nummer på brystet og gå så fort som du berre orkar. Arrangementet har hovudfokus på barn, men det er også lagt til rette for at ungdom og vaksne kan delta. (meir…)

Glid og feste på ski!

Me er endå i byrjinga av skisesongen og mange skitreningar, skirenn og skiturar står for tur. Tysdag 17. januar kl. 18 arrangerer skigruppa eit lite grunnleggjande kurs i skipreparering i Gullinghuset . Medan ungane har trening ute kan foreldre, føresette og andre som har lyst, få innføring i teknikkar og bruk av produkt som gir glid og feste. Me snakkar òg litt om ski og skiutstyr- spesielt til born og unge. Velkomen!

Skihelg på Voss!

Suldølen beit godt i frå seg på Voss i helga, 14. og 15. januar.

Brødrene Bakka med flott innsats på stafetten

På laurdag gjekk Viljarrennet av stabelen, dette var eit klassisk renn i flotte omgjevnadar.
Marte J15 gjekk 5km i eit forrykande tempo, og kom inn på ein flott 2. plass. Mathea gjekk også eit svært godt skirenn og kom inn på ein sterk 3.plass i ein klasse med heile 12 startande.
Søndagen blei Ørnarstafetten arrangert. Her stilte Simon, Daniel og Thomas med lag i G13-G16 pulja, 3km x 3. Første etappe klassisk, dei to siste skøyting. Her sikra brødrene seg ein bronseplass i konkurranse med 9 andre lag.
Artig når Suldal IL viser så godt att også andre stader.
Magnus Lunde Bakka

(meir…)