Midtstølen

Ny turbok-kasse sett opp på Midtstølen.

Det er sett opp ny turbok-kasse på Midtstølen, og me håpar mange vil ta turen opp til den gamle Kolbeinstveit-stølen.  Det er god plass i boka for den som vil skriva seg inn!

Turen er tidlegare omtala her

Nye turbok-kassar

Nye turbok-kassar utplasserte.

Førlandsøyane

Vassbotn

Dei første kassane er nå sette opp på Førlandsøyane og i Vassbotn, og me håpar bøkene får eit tørrare klima framover.  Sparebankstiftelsen SR-Bank delte tidlegare ut gåve på 25.000 kroner til Skogstrimmen og nye turbok-kassar, og desse midlane er nå tekne i bruk.

Stråpanuten

Kassen på Stråpanuten er flytt 25 meter fram til utsiktspunkt ved stein.

 

 

 

 

Er det nokon som har forslag eller tilbakemeldingar relatert til Skogstrimmen, sjå fana «Kontakt oss» for kontaktinformasjon.

GOD TUR!

 

Nyttårsturneringa 2016

1. plass med hendene i veret: Sven, Rune Andre og Sveinung. 2. plass til venstre: Bjørn, Lars og Sigvart. 3. plass til høgre: Tom, Sindre og Erik W.

1. plass med hendene i veret: Sven, Rune Andre og Sveinung.
2. plass til venstre: Bjørn, Lars og Sigvart.
3. plass til høgre: Tom, Sindre og Erik W.

Litle nyttårsaftan gjekk 2016-versjonen av nyttårsturneringa til fotballgruppa av stabelen.

26 spelarar melde seg klar til dyst, men grunna skranten helse og bilkjøp som drog ut i tid, var det 24 karar som var klar då Svein Øystein Berge og Jon Bråtveit bles i gong cupen. Dermed vart det åtte lag dette året. Som vanleg melder ein seg på individuelt, og så blir laga trukke ut av arrangøren. Laga blir delt i to puljer, der dei to beste går til semifinalar og bronse- og finalekamp.

Kvar kamp varer i sju minutt, så det er lenge nok til at ein kan komme tilbake etter å ha fått mål i mot, og til at ein kjenner det svir både i muskulatur og lunger. Det var høg innsats, men fint spel som haldt seg godt innanfor reglementat. Trur kanskje at dommarane Svein Øystein og Christer Hansen bles omlag ein gong kvar for ureglementert framferd. (meir…)

Steptrening

step

I år som tidlegare år er Petra i gong med step.

Gymsalen på Vinjar skule  er plassen torsdagar kl 18.30. Her er det nok både god takt og frisk tone!

Dametrim med ball

fotballdame

Damene er i gong med trening med ball.

Onsdagar kl 18.30-20.00 er det fritt fram i gymsalen på Vinjar skule for damer som likar ulike ballidrettar. Det går i fotball, bandy, basket og handballrelaterte spel. Det meldes om god trening og godt drøs!