Cupsuksess på Sørlandet

Sterke prestasjonar på banen, flott åtferd og mange gode minne blei skapt då 22 suldalsgutar reiste på Sør Cup.

Siri Handelandfotballgruppa Suldal IL, publisert i Suldalsposten  27.06.2025

Søvnen er så vidt gnidd ut av augo til både spelarar og foreldre laurdag morgon, men dommaren er ivrig og bles kampen i gong allereie klokka 7.58, to minutt før oppsett tid. Suldalsgutane sine G13 og G14-lag er på Sør Cup i Kristiansand og først ut i elden denne morgonen er G13.

Heiagjengen på plass klokka 08 om morgonen. Eira Moe Handeland (t.v.), Anna Liisa Havrevoll, Klara Marcussen Moe og Edel Gjuvsland heiar på storebrørne sine.
(meir…)

Storhaug 2-3 Suldal

Kva er vel betre enn ein fortjent seier borte mot Storhaug på Midjord? Sikkert mykje, men deilig er det. Torsdag 15 mai, to dager før pølser, is, nasjaldag, sol på kroppen og noko godt i koppen blei kampen avvikla. Det etterkvart tradisjonelle oppgjøret mellom Suldal og Storhaug. Dei gule og svarte frå dalstroka i Ryfylke har etterkvart fått eit godt tak på dei raudkledde «byasane» frå Storhaug. Dei gode resultata skulle fortsette for suldølen etter kampen

Dommar var før kampen informativ til både representantar for laga og dagens kapteiner der han fortalte korleis han la linja og om dei nye reglene med at kun kaptein kan ta opp ting med dommaren. Ein grei måte å formidle dette på og dommaren skulle vise seg å var av det gode slaget.

(meir…)

Våganes 0-1 Suldal

Ny vanskelig bortekamp for Suldal då me tok turen til Røyneberg for å møte Våganes til dyst. Motstanderen vår denne mandags kvelden spelte nylig i 5 divisjon, så det var uten tvil eit godt lag som stor på andre banehalvdel. Suldal hadde før denne kampen ein seier, ein uavgjort og eit tap. Våganes på sin side kunne skilte med eit 7-1 tap og ein 6-2 seier.

(meir…)

Hundvåg 2 2-0 Suldal

Endelig bortekamp for Suldal i 6 divisjon. Første reisekamp denne sesongen var mot eit lag me har møtt mange gonger, Hundvåg 2. Dette er eit lag me har hatt eit dårleg tak på borte, men ein kan jo spekulere i om dei i det heile tatt spele med dei spelerane som til einkvar tid står på dommarkortet.

(meir…)

Bildekavalkade frå Suldalscupen 2024

Lagbilder er kjekt, men fotball handlar jo om det som skjer på banen. Dette har Petra Odvody fanga for oss. Tusen takk for jobben!

Sidan desse bilda er situasjonsbilder frå idrettsarrangement, legg me ut desse på heimesida. Føresette til Suldal IL sine spelarar har blitt spurt om dei ønskjer å reservera seg frå slike bilde, sjølv om det altså ikkje er naudsynt etter loven:

«Hvis du tar bilder av en situasjon der det er mange til stede – som et idrettsarrangement, en demonstrasjon eller et 17. mai-tog, er det litt mindre strenge regler. Slike bilder kan man som regel legge ut uten å spørre om lov, så lenge det er mange på bildet, eller hendelsen har allmenn interesse.

Skal man legge ut situasjonsbilder bør man likevel passe på at det ikke er enkeltpersoner som skiller seg ut på bildet – særlig hvis vedkommende skiller seg ut på en negativ måte. 

Kjelde: https://www.ung.no/nettvett/1956_Kan_man_legge_ut_bilder_av_andre_som_man_selv_har_tatt.html

Ung.no er det offentliges informasjonskanal for ungdom. Vi gjør det litt lettere å være ung.»

Skulle nokon ønskja at me fjernar bilde, så gjer me sjølvsagt det. Send ei melding til nettansvarleg@suldal-il.no.

OBS: Nokre av bilda er blitt kutta i sidene. Det er ikkje fotografen sin feil, men galleriappen som heimesida vår bruker. Alle eventuelle feilkutt er altså ikkje fotografen sitt ansvar.

(meir…)

Suldalscupen 2024

Årets Suldalscup blei arrangert i Prestavikjo laurdag 14. august. Ikkje like strålande vêr som sist helg i Røldal, men med tanke på regnet som har vore siste veka så må me seia oss nøgd med litt solgløtt og elles opphald. Om lag 240 spelarar kjempa om ballen i år.

Spelarane er fordelt på 35 lag, og nesten alle idrettslaga er representert. I år fekk me ikkje sjå Jelsa IL sine kvite drakter, sjølv om dei har eit lag med i serien. I cuphelga mangla dei nok nokre spelarar, slik at dei slo seg saman med Erfjord. Haugil IL stilte i blått, Nesflaten i svart, Erfjord IL i grønt, IL Sand i raudt, og Suldal IL i gult og svart. Kjekt med god fargesamansetning.

(meir…)