Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
Fotball | Suldal idrettslag

6 div avd 3 Hjelmeland 7-2 Suldal

Aftenbladet henvendte seg til oss før kampen mellom Hjelmeland og Suldal der de kunne fortelle at de ønska å sende denne kampen på direkten med kommentator og heile greia. Dermed skulle tonen og rammene var satt før kampen.
Før denne kampen kom me frå eitt heiderleg, men surt tap mot Vaulen 2 i ein kamp der me viste oss frå vår beste side deffensivt. Suldal har sluppet inn altfor mange mål denne sesongen, så kampen mot Vaulen 2 var ein opptur og me kunne ta med oss mykje positivt frå denne kampen inn mot oppgjeret mot Hjelmeland. (meir…)

6. div: Suldal – Vaulen 2

Topplaget Vaulen 2 var gjester i Prestavikjo i dag. Dei har vunne alle sine seks kampar før dagens dyst. Suldal er skadeskotne, men stilte likevel med eit lag som nesten braut sigersrekka til gjestene.

Tidleg kampstart var ønskjeleg, for det var visst ein konsert med eit ungt, fremadstormande band som berre skulle spela i nått og i går nått som skulle rekkast i Stavanger. (meir…)

6. div: Suldal – Fiskå 4-4

Øystein var bestemann mot Fisjå.

Nyopprykka og nystarta Fiskå frå Strandalandet gjesta Prestavikjo på Kr. Himmelfartsdag.

Sidan referent og trenar ikkje var til stades, så har dette gått i litt i gløymeboka, og det er ikkje så mykje observasjonar å komma med. Det kan meldast om ein tøff kamp, der bortelaget viste kanskje litt i overkant igjen både i taklingar og språkbruk, men det er nå vaksenfotball me spelar. Me tåler litt. (meir…)

6 div avd 3: SIF 2 7-3 Suldal

Det var duka for sesongens andre bortekamp då Suldal reiste til tidligere så ærverdige SIF Stadion Siffen).  SIF 2 hadde før denne bataljen sanka med seg seks poeng på fire kampar. Suldal hadde på si side raska med seg sju poeng av ni mulige så langt. Med såpass jevn poengfangst burde dette bli eit tett og greit oppgjer i Stavanger, som viste frå ei vårleg side denne fredagskvelden. (meir…)

6. div: Suldal – Brodd 2 4-2 (2-1)

Årets andre heimekamp, og vesentleg betre bemanna enn sist.

Målet for kampen, bortsett frå å vinna, var å ha fokus på å halda lagdelene saman og prøva og spela fotball lengst mogleg. Unngå for mange lange ballar.

Vanlegvis er det motstandarane som skårar først, men denne gong var det Suldal som tok leiinga.14 minutt ut i kampen fekk me til eit av fleire gode angrep i kampen. Keeper Jørgen Mikkelsen spelte ut til backen Torjus Steine. Han gav vidare til Tore Bendiksen Søraas som spelte nydeleg gjennom til Mohammed Ibrahim Dawud. Mohammed hadde fri veg mot mål og banka ballen sikkert i mål til 1-0-leiing. (meir…)

Suldalsserien: Gubbar: Suldal – Erfjord 6-5 (3-0)

Gubbalaget mot Erfjord: Bak frå venstre: Hans Olav Brustveit, Jon Bråtveit, Geir Bjarte Hoftun, Thomas Brustveit, Olav Bakka Berge, Michal Kral, Raymond Krogh. Framme f.v.: Odd Åsgeir Lunde, Sveinung Steine, Christer Hansen, Arne Mehus, Vidar Jørgensen Nærheim. Johnny Hetland lurte seg unna bildet i dag også!

Ny kamp for gubbalaget i går, denne gong kom Erfjord på besøk.

Dei fleste kom frå forrige kamp utan mèn som ikkje lot seg lega på ei veke. Nokre stive lyskar har det vore siste veka, men alle kom seg i alle fall på arbeid i dagane etter kamp!

Første kamp kom nok litt brått på oss, både når det gjaldt drakter, rutiner og spelemønster. Til denne kampen var fleire av rammene som skal vera rundt kamp i Prestavikjo på plass. I tillegg til bortedraktoverdelene til a-laget (svart), stilte me nå med både avlagte shortsar og sokkar frå tidlegare tider, slik at draktsettet nå er fullt. Får rota fram ein keeperdrakt også til neste gong! (meir…)