Suldalsserien: Gubbar: Suldal – Erfjord 6-5 (3-0)

Gubbalaget mot Erfjord: Bak frå venstre: Hans Olav Brustveit, Jon Bråtveit, Geir Bjarte Hoftun, Thomas Brustveit, Olav Bakka Berge, Michal Kral, Raymond Krogh. Framme f.v.: Odd Åsgeir Lunde, Sveinung Steine, Christer Hansen, Arne Mehus, Vidar Jørgensen Nærheim. Johnny Hetland lurte seg unna bildet i dag også!

Ny kamp for gubbalaget i går, denne gong kom Erfjord på besøk.

Dei fleste kom frå forrige kamp utan mèn som ikkje lot seg lega på ei veke. Nokre stive lyskar har det vore siste veka, men alle kom seg i alle fall på arbeid i dagane etter kamp!

Første kamp kom nok litt brått på oss, både når det gjaldt drakter, rutiner og spelemønster. Til denne kampen var fleire av rammene som skal vera rundt kamp i Prestavikjo på plass. I tillegg til bortedraktoverdelene til a-laget (svart), stilte me nå med både avlagte shortsar og sokkar frå tidlegare tider, slik at draktsettet nå er fullt. Får rota fram ein keeperdrakt også til neste gong! (meir…)

Suldalsserien: Gubbar: Sand – Suldal 7-3

Første gubbakamp: Bak frå venstre: Sveinung Steine, Jon Bråtveit, Odd Åsgeir Lunde, Olav Bakka Berge. Framme f.v.: Vidar Jørgensen Nærheim, Tom Gardsteig, Ronny M. Rugland, Michal Kral, Helge Lauvsnes. Johnny Hetland og Christer Hansen kom også til.

Det er i mange år snakka om å få i gong fotballkampar mellom grendene for vaksne, men det har vore med snakket. Det var til slutt Jelsa IL som gjorde noko med det. Fantastisk kjekt tiltak!

Laga som har meldt seg på Gubbaserien er Jelsa IL, Haugil IL, IL Sand, Erfjord IL og Suldal IL. Det blir spela dobbel serie, totalt åtte kampar for kvart lag. Utgangspunktet er 7’ar-serie, altså sju spelarar på banen. Kanskje er det nokre gonger at det blir knapt med spelarar, så får ein eventuelt redusera antal spelarar.

Erfaringsvis så er i alle fall me på Suldal svært glade for at me har ein del meir enn sju spelarar klare til kamp. Det er behov for hyppige skifter, spesielt etter eit par sugande løp over banen. Dessutan kjenner nok dei fleste av oss tendenser til strekkar, ryggar, kne og anklar som ikkje heilt spelar på lag slik dei gjorde for tjue år sidan. Men det er vel det som er sjarmen med gubbafotballen! (meir…)

Statkraftcup : Lilleputt og ungdomsskule

Noko seint, men her kjem lagbilde frå andre dag av Statkraftcup som var siste helga i april.

Dei yngste spelte laurdag, mens søndagen var det lilleputt og ungdomsskulen sin tur. Lilleputt hadde med fire lag, og ungdomsskulen to lag. Meinar på at eitt av lilleputtlaga fekk med seg ein 3. plass, mens ungdomsskulelaga måtte sjå seg slått av eit sandslag. Om det ikkje blei førsteplass på oss, så er det i alle fall veldig kjekt at det er mange med at me kan stilla så mange lag! Flest med lengst mogleg!

6 div avdeling 3 POL 4-6 Suldal

Endelig er sesongen i gang og fotballen rulle igjen. For Suldal var dette sesongens andre kamp, mens det for dagens heimelag, POL var den første kampen for sesongen. Kampen vart spelt på Stemmen stadion i Stavanger i nydelig vårvær og fin temperatur. Tradisjon tru var det vind på Stemmen og dette skulle begge lag, spesielt heimelage etterkvart få benytte seg av. (meir…)

6. div: Suldal – Storhaug 3-3 (2-1)

Hallvard var involvert i alle tre måla våre i dag.

Endeleg tid for årets første seriekamp, og som vanleg er det strålande vêr i Prestavikjo.

Motstandarane var ein gammal kjenning frå byn: Raudtrøyen frå Storhaug. I fjor gjekk det svært godt for oss i tilsvarande kamp, 6-1 blei resultatet då. I dag blei det langt frå like lett, og ein kar frå Storhaug nemnde at det blei ein kjekkare tur heim i år.

Ein brei stall kom godt med til årets første kamp, det var mange fråfall grunna skader, sjukdom, arbeid og andre forpliktingar. Til slutt greidde må skrapa saman 13 spelarar, der to var målvakter. Då blir det få bein å skifta ut når kampen dreg seg over timen og inn i siste 30 minutt. Dette merka me nok godt i dag. Og sjølv om Stohaug heller ikkje hadde mange spelarar, så var dei i alle fall betrakteleg meir på enn dei var i fjor. (meir…)

Statkraftcup 2022

Miniknott Statkraftcup 2022

Omsider var det tid for IL Sand sin tradisjonelle Statkraftcup innandørs.

For vel to år sidan var dette det siste me gjorde før samfunnet blei stengt ned. I 2021 blei det utecup, og vinteren 2022 såg det også litt spøkje ut. Det blei derfor avgjort at cupen som vanlegvis går februar/mars blei utsett til etter påske. Så litt uvant å vera inne i hallen når sola strålte ute. Når ein først kom inn, trur eg mange gløymde sola likevel. (meir…)