Rogaland Sparebankcup på Hjelmeland

J10-12 gjer seg klar til kamp.

Laurdag 26. september reiste me med seks lag til Hjelmeland for å prøva oss på Rogaland Sparebankcup. Det er mange år sidan me har hatt med lag her.

Cupen er for 6-11-åringar, men me fekk med oss nokre 12-åringar også. Laga me stilte med var:

  • G6 3’ar-lag med seks jenter og gutar frå 1. klasse som spelte sin første cup og kamp etter at dei starta opp med trening i haust.
  • J8 5’ar-lag med fem jenter frå 2.-3. klasse.
  • G8 5’ar-lag med seks gutar frå 2.-3. klasse.
  • G9 5’ar-lag med fem gutar frå 4. klasse.
  • J10 7’ar-lag med åtte jenter frå 5.-7. klasse.
  • G11 7’ar-lag med ti gutar frå 5.-7. klasse.
(meir…)

Etterlengta 3-poengar for J13!

Etter ein vårsesong kor det meste tippa vår veg, har me i haust fått kjenna på annan motstand. Før dagens kamp mot Bremnes mangla me ein 3-poengar, og jentene var spent på kven som stod på motsatt side når me i dag skulle heilt til Bømlo!

Inn mot kampane prøver me likevel å ha fokus på dei grunnleggjande tinga me øver på både på trening og i kamp, og sjølv om kampane så langt ikkje har bikka vår veg, har det vore tette kampar. Dei første fem minutta i dag blei nokså rufsete før kampen fekk sett seg, og etter det var det Suldalsjentene som stort sett hadde grepet om kampen. Likevel kom det nokre farlege gjennomspel frå heimelaget sin høgre midtbane, som overraska oss litt og som me ikkje greidde å liggja i førekant på. Likevel blei dette stort sett greitt for forsvaret å plukka og det blei aldri dei store sjansane til heimelaget her. Jentene våre på sin side stod høgt og hadde mange spel fram mot motstandarane sitt mål. Når me då tek løpa og følgjer opp, kan det ofte bli farlege sjansar, og med berre få minutt i mellom fekk me to neste like mål frå litt skrå vinkel. Og slik var ståa til pause. Med forrige heimekamp friskt i minnet og med litt for stort mellomrom mellom forsvar og midtbane i første omgang, var likevel ikkje trenarane trygge. Me fekk brukt pausen godt, teikna og forklart med småstein og fekk lukka gapet mellom ledda i andre omgang, og ikkje minst fylt på med to nye mål. (Eg må setja i parentes at me nok helst skulle hatt endå betre utteljing på mål når ein ser på antal sjansar, men det får stå i parentesen i dag). Heimelaget sin største sjanse var eit frispark like utanfor keeperfeltet tidleg i andre omgang, men denne gjekk rett over mål. I tillegg hadde vår keeper snusen på retninga, så det blei ikkje noko hjartehopp. Suldalsjentene gjorde altså jobben og fekk ein etterlengta og velfortent seier!

G13 og J14(15) på Sørcup

1., 2. og 3. plass frå B-sluttspelet blei gevinsten på Sørcup 2026.

Sommarferien kom brått på enkelte i år. Om det er Sør-cup eller skuleruta i Ryfylke som er ute av synk, veit eg ikkje, men det blei to dagar tidlegare ferie på nokre 12, 13, 14 og 15-åringar i år.

Suldalsgutane- og jentene sendte i år tre lag til cupen i Kristiansand. G13-gruppa hadde to lag med spelarar på 12- og 13 år. Desse spelar til vanleg saman på G13 i serien, nå blei dei blanda til to 7’ar-lag. Jentelaget vårt er laget som spelar i J15-serien. Med litt dispensasjonar fekk me delta i J14-klassen. J15-klassen i Sørcup er 11’ar-lag, og det er me ikkje nok spelarar til. Jentene fekk dermed stilla med 9’ar-lag i 14-årsklassen. Jentene på dette laget er 14 og 15 år. Til saman blei det 15 gutar og 11 jenter på cup.

Fredagen la me drittvêret bak oss, og over Hovden kom sol og varmegrader. Begge laga blei innkvartert på same skule, slik at me fekk sosialisert oss på tvers av både alder og kjønn.

Bilde og video heilt i botn av innlegget når de klikkar dykk inn på artikkelen.

(meir…)

Statkraftcup 2026

Sesongen 2026 er i gong, og som vanleg startar det med IL Sand sin Statkraftcup i Suldalshallen.

Mykje er som før, miniknott og knott spelar laurdag, og lilleputt og ungdom søndag. Masse folk, stort sett jamne kampar, god innsats og godt arrangement. Det som var nytt i år, var banedekket og futsalball. I sommar blei parketten skifta ut med nytt sportsdekke. Dette er litt mjukare enn parkett, og ser ut til å fungera godt. Futsalball var det nok ikkje alle som var vane med. Dette er ein litt «daudare» ball; den sprett mindre og er tyngre og få til skot med, men for dei tekniske så sit den som limt til foten. Her hadde gjerne dei som har fått trent litt med slik ball ein liten fordel. Futsal og fotball er ikkje heilt det same.

Alle lilleputtlaga i Statkraftcup 2026.
(meir…)

3’ar-turnering for 3.-5. klasse

Etter suksessen for 1.-2. klasse-turneringa for to veker sidan, var det denne torsdagen tur for 3.-5. klasse. At det skjedde samstundes som at herrelandslaget så godt som kvalifiserte seg til VM tek arrangøren fullt og heilt ansvar for. Orsak!

Det såg ikkje ut til at spelarane tok seg så nær av denne tabben, 3’ar-fotball krever full konsentrasjon og innsats i dei intense kampane. 60 spelarar frå Nesflaten, Erfjord, Sand og Suldal blei først fordelt på lag oppdelt etter både kjønn og alder. Då fekk alle to reine jente- eller gutekampar mot spelarar på sin alder. I jenteklassen hadde Suldal eit lag både i 3., 4. og 5. klasse. Erfjord hadde jentelag i 3. og 4. klasse, mens Sand hadde 5. klasselag. Det var litt fleire gutelag; fire i 3. klasse, fem lag i 4. klasse og tre lag i 5. klasse.

Etter denne runden blei det laga nye lag, mix-lag i kvar klubb på kvart klassetrinn. Då fekk alle minst to kampar til. Totalt fekk dei 60 spelarane og 18 laga spelt 38 kampar i løpet av to timar og 20 minutt. Det blei ein effektiv og tettpakka turneringsettermiddag. Fantastisk organisering av lagleiarar og foreldre som gjorde at alle kampane kunne starta presis med spelarane på plass. Og alle kampane blei leia av sju gode dommarar frå 8. klasse.

Til slutt blei det premieutdeling og ein tur i kiosken, takk til dei som stilte opp som kioskfrivillige og som var med på å gjera saknet etter tv-godstolen og fotball på TV minimalt.

Me satsar på nye 3’ar-turneringar framover. Dei kan dukka plutseleg opp, men me skal i alle fall greia og få til slik me har gjort i år til neste haust også. Kjekt at dei andre grendene synest dette er kjekt og møter opp!

Cupsuksess på Sørlandet

Sterke prestasjonar på banen, flott åtferd og mange gode minne blei skapt då 22 suldalsgutar reiste på Sør Cup.

Siri Handelandfotballgruppa Suldal IL, publisert i Suldalsposten  27.06.2025

Søvnen er så vidt gnidd ut av augo til både spelarar og foreldre laurdag morgon, men dommaren er ivrig og bles kampen i gong allereie klokka 7.58, to minutt før oppsett tid. Suldalsgutane sine G13 og G14-lag er på Sør Cup i Kristiansand og først ut i elden denne morgonen er G13.

Heiagjengen på plass klokka 08 om morgonen. Eira Moe Handeland (t.v.), Anna Liisa Havrevoll, Klara Marcussen Moe og Edel Gjuvsland heiar på storebrørne sine.
(meir…)