Kampen om grasmatta i Etne

Suldal stilte med to G12-lag og eitt J12-lag på Etne Cup. Foto: Dagfinn Havrevoll

«Kjempeball». «Den er din». «Knallbra». «Kom igjen nå, Suldal». Heiaropa gjallar framleis i øyrene mine søndag kveld etter å ha tilbrakt helga på Etne Cup.

Skrive av Siri Handeland

Fredag ettermiddag går trafikken inn til Etne sentrum uvanleg sakte. Kø? Det hadde ingen tenkt på, heller ikkje eg som er utflytta etnebu. «Me blir ti minuttar for seine, men rekk kampen». Meldingane tikkar inn på mobilen min. Suldølen er kjent for å vera ute i god tid, men når køen er fleire kilometer lang, blir tidsskjemaet sprengt sjølv for ein suldøl. På plass i Etne kjem delegasjonen på 20 gutar og åtte jenter frå Suldal og Nesflaten seg fort i dei gule draktane. Fredag kveld og Etne Cup er i gong med rundt 2000 deltakarar.

Flørting

To G12-lag og eitt J12-lag representerer Suldal IL på cupen. Også fem spelarar frå Nesflaten IL er med. Først ut i elden er Suldal 1 som raskt viser gode takter, og har taket på motstandarlaget frå Kvinnherad. Jentene fekk plass på Etne Cup berre fire dagar før og har ikkje akkurat hatt lang oppkjøringstid. Dei møter eit sterkt Selbjørn-lag, og får ikkje gjort så mykje med austevollingane. Også Suldal 2 får kjenna at motstandarane frå Tau har kome for å bita frå seg på grasmatta.

(meir…)

G14 til topps på Score Cup!

Vinnarlaget 2023: Frå venstre: Samuel Lunde, Stian Myklebust, Roald Emuge Oluka, Michal Kral (trenar), Jørgen Aadnøy, Ondra Kral, Rasmus Sundseth Steine, Emil Hagen, Jostein Marvik Hølland, Anders Warhaug (trenar), Levi Lundal Warhaug, David Gjil, Trygve Mehus Rugland. Framme f.v.: Tor Olav Aarhus, Veigar Elia Gudding Eyfjord

Suldalsgutane- og jentene har vore med nokre år på Score Cup i fotballhallen Vår Energi arena på Randaberg. I år gjekk G14-laget heilt til topps! Det er ein strålande prestasjon, og her kjem reisebrev frå turen og cupen. Veronica Lundal Warhaug står for tekst, mens Michal Kral har teke bilda.

Det var ein spent, og litt trøytt, gjeng som reiste tidleg frå Suldal søndag morgon for å vera med på Score Cup på Randaberg. 

For nokon var dette deira første kamp på Suldalslaget, og eg trur fleire kjente litt på nervøsiteten av å møta store gutar frå byn. 

(meir…)

Avslutning Suldalsserien 2023

Den årvisse avslutninga av Suldalsserien gjekk som vanleg føre seg i gymsalen.

Fast program dette året også:

  • Premieutdeling til spelarar, trenarar, banemannskap og dommarar.
  • Pølser, brus og kaffi.
  • Trekning av gåver frå sponsorar.

I år var det litt færre premiar, men det var desto meir solide saker som blei lodda ut. Sparebanken Vest, Statkraft og Haugaland Kraft stilte med fruktkorger, gåvekort, sekkar, glas, karaffel, solide drikkeflasker, fotball, paraply og sitteunderlag. Tusen takk til alle!

Me er også blitt lova nokre premiar frå samarbeidsklubben FK Haugesund. Dei som ikkje vann, vil derfor få ein ekstra vinnarsjanse når me får desse i hende. Informasjon om dette kjem når me har det klart.

Sesongen er altså slutt, noko som betyr planlegging av ny sesong. I 2024 er det Suldal IL som skal arrangera Suldalsserie og cup. Takk for i år, og vel møtt neste år!

PS: Nokre lag held fram med trening utover i november.

Suldalscupen 2023

Arrangør IL Sand

IL Sand arrangerte i dag eit strålande arrangement på ein strålande dag. Ein kunne ikkje vore meir heldig med tilhøva.

Suldal IL stilte med følgande lag: Tre stk miniknott, tre stk knott, fire stk lilleputt og to stk ungdomsskule. Det gjorde at det blei mykje gult og svart på Eide, men også grøne erfjordbuar og raudkledde sandbuar var det mange av. Dessverre blir det færre av dei andre klubbfargane og sjå, spesielt i lilleputt og ungdomsskule. Nokre av grendene har for få til å laga lag, slik at Jelsa og Haugil slår seg saman med Erfjord, og Nesflaten med Suldal. Litt trist, og det store spørsmålet er jo korleis ein framleis skal ha nok folk i grendene til at ein kan laga fotball-lag. Underteikna skimta heldigvis kvitfargen til Jelsa og blåfargen til Haugil i dei yngre klassane.

(meir…)

Røldalcup 2023

Lagbygging på Røldalcup!

Nok ein gong viste Røldal og sola seg frå si beste side då 15 lag tok turen frå Suldalsosen og opp til nabobygda på cup.

Det er tredje gong me mobiliserer for å delta på cupen som gir spelarane våre høve til å spela saman i reine årskull og på reine jente- og gutelag. Det er jo slik dei spelar i byane, men for oss i Suldal så er det ikkje så ofte me får sjansen til dette.

Spesielt kjekt er det nok for dei aller yngste. Denne cupen kjem berre to veker etter at 6-åringane har starta i 1. klasse. Med to treningar i bagasjen på førehand, er dei svært klare for cup. Dette må jo vera ein flott arena for å bygga klassemiljø i starten av skuletida. 11 av førsteklassingane var i aksjon i 3ar-bingen, og dei fekk spelt mange kampar og skåra mykje mål.

(meir…)

Vennskapskamp: Suldalsgutane G15+ – Hope Stars, Zimbabwe 3 – 5

Hope Stars og Suldalsgutane G15

Onsdag 9. august tjuvstarta haustsesongen i Prestavikjo med vennskapskamp mellom to lag med svært ulik bakgrunn. Felles for begge lag er at dei likar å spela fotball!

Tidleg i sommar fekk me førespurnad frå utflytta, men stadig tilbakevendande, sandbu Anita Svendheim om me hadde eit fotball-lag i alderen 14-17 år som kunne vera interessert i ein fotballkamp. Det hadde me jo, så ein avtale blei sett. Laget som kom på besøk var Hope Stars.

Anita reiste i sin ungdom ut i verda og såg ting som både var kjekt, og ting som ikkje var kjekt. Å møta foreldre- og heimlause barn i Zimbabwe gjorde så stort inntrykk på henne, at ho måtte finna ein måte å hjelpa dei på. Saman med nokre andre ungdommar danna dei organisasjonen Midland Children’s Hope Project, også kalla Hopeproject.no. Ved å klikka seg inn på denne sida kan ein lesa mykje om organisasjonen, korleis dei jobbar og korleis ein kan vera med og hjelpa. Her kan ein til dømes velja å bli fast givar. «Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt.»

(meir…)