by Jon Bråtveit | mai 11, 2022 | Aldersbestemt fotball, Ymse |
Noko seint, men her kjem lagbilde frå andre dag av Statkraftcup som var siste helga i april.
Dei yngste spelte laurdag, mens søndagen var det lilleputt og ungdomsskulen sin tur. Lilleputt hadde med fire lag, og ungdomsskulen to lag. Meinar på at eitt av lilleputtlaga fekk med seg ein 3. plass, mens ungdomsskulelaga måtte sjå seg slått av eit sandslag. Om det ikkje blei førsteplass på oss, så er det i alle fall veldig kjekt at det er mange med at me kan stilla så mange lag! Flest med lengst mogleg!
-
-
Statkraftcup lilleputt 2022
-
-
Statkraftcup lilleputt 2022
-
-
Statkraftcup lilleputt 2022
-
-
Statkraftcup lilleputt 2022
-
-
Statkraftcup lilleputt 2022
-
-
Statkraftcup ungdomsskulelag. Nokre spelarar manglar.
by Jon Bråtveit | apr 23, 2022 | Aldersbestemt fotball |

Miniknott Statkraftcup 2022
Omsider var det tid for IL Sand sin tradisjonelle Statkraftcup innandørs.
For vel to år sidan var dette det siste me gjorde før samfunnet blei stengt ned. I 2021 blei det utecup, og vinteren 2022 såg det også litt spøkje ut. Det blei derfor avgjort at cupen som vanlegvis går februar/mars blei utsett til etter påske. Så litt uvant å vera inne i hallen når sola strålte ute. Når ein først kom inn, trur eg mange gløymde sola likevel. (meir…)
by Jon Bråtveit | nov 12, 2021 | A-laget, Aldersbestemt fotball, Fotball, Ymse |
Det var med stor sorg me mottok meldinga om at Morten Jelsa var død.
Han døydde 1. november etter lengre tids sjukdom knapt 50 år gammal.
Morten har vore ein pådrivar i fotballmiljøet i Suldal i mange år, både som spelar og trenar. Han var trenar for aldersbestemte samarbeidslag på tvers av grendene i mange år saman med andre gode hjelperar, og var ein av arkitektane bak det som først var «Suldalsgutane» og som nå heiter «Suldalsgutane- og jentene».
Morten var også aktiv spelar på Jelsa sitt A-lag, men då dette laget vart nedlagt i 2001, melde han overgang til Suldal og spelte her i fleire sesongar.
I 2015 og 2016 var han trenar for A-laget til Suldal, og i siste kamp i 2016 sette han seg sjølv innpå dei siste 5 minutta i ein alder av 45 år.
I 2017 gjekk han over til Suldalsgutane igjen, men etterkvart vart Morten sjuk og måtte trekka seg meir vekk frå fotball og trenaroppgåver.
Hans brennande interesse for fotball viser godt då han seinast i haust var tilskodar på A-lagskampen mot Hjelmeland.
Me takkar Morten for den fantastiske interessa og arbeidet han har lagt ned i Suldalsfotballen. Me kjem til å sakna engasjementet, dei gode meiningsutvekslingane og ikkje minst det smittande humøret. Utan han hadde ikkje fotballen vore det same i Suldal.
Me lyser fred over Morten Jelsas minne.
Suldal IL
-
-
Morten som trenar for A-laget.
-
-
Taktikkprat for Suldalsgutane
-
-
Morten som trenar for Suldalsgutane.
-
-
Dana-cup med Suldalsgutane.
-
-
Morten og Øyvind Halgunset får pris for arbeidet sitt med Suldalsgutane.
-
-
Morten som spelar for Suldal IL sitt A-lag mot Viking i 2003.. Foto Stavanger Aftenblad.
by Jon Bråtveit | sep 6, 2021 | Aldersbestemt fotball |

Vinnarane av ungdomslagscupen: Bård Gundersen, Ella Tjøstheim, Lina Indrebø, Marie M. Rugland, Jonas S. Fatnes, Tobias Lunde, Mathias M. Vold, Elias Gundersen, Eric A. Moe
Søndag var det endeleg klart for Suldalscup igjen, to år etter sist. Arrangør var Haugil IL, og cupen gjekk føre seg på Kjølvikstølen søndag.
Suldal IL stilte med dei same laga som dei gjer i serien; to miniknottlag, tre knottelag, tre lilleputtlag og eitt ungdomsskulelag. Sjølvsagt er det framleis koronarestriksjonar, noko som gjorde at publikum skulle begrensast og dagen blei delt i to. Miniknott og ungdomsskulen spelte på føremiddagen, og knott og lilleputt om ettermiddagen. Underteikna hadde æra av å følgja knottelaga, og det var mange bilar å helsa på på vegen som var ferdige med føremiddagsøkta. Trur ikkje eg fekk med meg alle! (meir…)
by Jon Bråtveit | jun 13, 2021 | Aldersbestemt fotball |

Suldalsgutane- og jentene spelar frå årets sesong med logoen til Skattkammeret Suldal på brystet.
Det tok tid, men nå har alle laga i Suldalsgutane- og jentene endeleg vore i aksjon.
Ein kan vel ikkje seia det er blitt skikkeleg seriestemning på laga endå, men då sist gjenopningstrinn blei sett i gong i slutten av mai fekk ein i alle fall spela kampar mot lag frå nabokommunar.
Me har to G13-lag, og desse har fått spelt sine første kampar nokon gong. Debuten kom i treningskampar mot Sauda i Sauda sist veke. Sidan både Suldal og Sauda har to G13-lag, så fekk alle prøvd seg. Det gjekk meir enn godt, det vart 10-1 og 10-6 i dei to kampane, og både spelarar og trenarar var nok glade for å komma så godt i gong. På onsdag 16/6 blir det returoppgjer i Prestavikjo kl 18.30, det er berre til å ta turen! G13-1 får ikkje spelt seriekamp i vår, sesongen deira startar ikkje før til hausten. G13-2 tjuvstartar i Prestavikjo måndag 14/6 kl 18.30 mot Ølen. Trenarar til G13 er Jostein Aarthus, Kenneth Tveit, Anders Warhaug, Bjørn Benninghoff Hiim og Torjus Steine. (meir…)
by Jon Bråtveit | nov 22, 2020 | Aldersbestemt fotball, Fotball |

Her er dei åtte seksåringane som var på den siste treninga før dei skal over på miniknott.
Også i år har 6-åringane hatt eigne treningar hausten dei startar i 1. klasse.
I heile haust har dei møtt opp til trening i Prestavikjo saman med foreldra for å prøva seg på fotballtrening før dei skal vera med på miniknott-trening saman med 2. klasse etter nyttår. Det kan vera trygt å prøva seg berre saman med klassekammeratane sine i starten, slik at ein blir kjend både med korleis ei trening går føre seg, og kva fotball eigentleg er. Gjennom hausten har dei øvd på pasningar, skot, dribling, leik med ball og spel på små mål, alt under engasjert leiing av Anette Goa Bråtveit.
Det har stort sett vore 7-9 med på treningane kvar gong, men i løpet av hausten har alle 12 som går i 1. klasse i år våre med på trening. Nå blir det pause fram til miniknott-trening startar opp etter nyttår. Mest sannsynleg blir treningstida måndagar kl 16.45-17.45, men det kjem me tilbake til.
Takk til foreldre som har møtt godt opp og villig hjulpe til med øvingar, knyting av sko og psykisk støtte, og takk til Anette som tok på seg jobben som trenar!