by Jon Bråtveit | okt 28, 2019 | Aldersbestemt fotball |

Premie Suldalsserien 2019
Torsdag 24/10 var det avslutning for dei aldersbestemte laga i gymsalen.
Tilstelninga gjekk føre seg på tradisjonelt vis, bortsett frå fotoseanse i høve nye drakter frå Sparebanken Vest.
Tradisjonelt vis vil seia premieutdeling etter Suldalsserien, pølser og brus, og utlodning av gevinstar.
I år var det med ti lag frå Suldal IL i Suldalsserien. Tre miniknottlag, tre knottelag, tre lilleputtlag og eit ungdomsskulelag. I dei to yngste klassane blir det ikkje ført resultat eller tabell, der handlar det om å spela og ha det kjekt. (meir…)
by Jon Bråtveit | okt 28, 2019 | Aldersbestemt fotball |
På avslutninga til Suldalsserien 2019, tok me felles lagbilde.
Alle spelarane i dei aldersbestemte laga som kunne komma blei med på bildet, samt trenarar og anna støtteapparat. Det er ikkje lett å skilja dei frå ungdommane, men det er to seniorspelarar med også!
Bildet og avslutninga var også ein måte å markera at Suldal IL har fått 14 draktsett av den nye hovudsponsoren Sparebanken Vest. Tusen takk for draktene!

Suldal IL aldersbestemte lag 2019. Tusen takk for draktene, Sparebanken Vest!
by Jon Bråtveit | okt 21, 2019 | Aldersbestemt fotball |
Søndag 20.10. reiste 9 gutar frå knott til Haugesund for å representera Suldal IL på Macron cup 2019.
Cupen blir arrangert av SK Vard Haugesund, og i løpet av to helger blir det spela over 130 kampar, både jente- og guttelag i alder 6-12 år. G10 fra Suldal har spelt tre kampar – to mot Haugar, og eIn kamp mot Skjold IL. De vant ein kamp, og to andre avslutta uavgjort. (meir…)
by Jon Bråtveit | sep 13, 2019 | Aldersbestemt fotball |

Nye drakter til alle laga frå Sparebanken Vest!
Sidan Sparebanken Vest og Haugaland Kraft er komme inn som nye hovudsponsorar, i tillegg til trufaste Statkraft, så måtte me jo ha nye drakter.
Draktene er sponsa fullt og heilt av Sparebanken Vest, det er ei stor gåve. Me har fått heile splitter nye draktsett som er delte ut til laga, ti aldersbestemte lag og både heime- og reservedrakt til dame- og herrelaga.
Klikk deg vidare i innlegget for å sjå nye lagbilde av alle dei aldersbestemte laga. Seniorlaga kjem seinare. Tusen takk for draktene, Sparebanken Vest! (meir…)
by Jon Bråtveit | sep 12, 2019 | Aldersbestemt fotball |

Suldalscup 2019.
Suldal IL hadde sin eigen fotograf ute på jobb under Suldalscupen 2019. Takk til Petra!
Bilda er klassifisert etter klassar. Klikk deg vidare i saken og bla nedover.
(meir…)
by Jon Bråtveit | sep 8, 2019 | Aldersbestemt fotball |
Laurdag 7. september var det Suldalscup i fotball for aldersbestemte lag.
Denne cupen rullerer rundt i grendene i Suldal, og i år var turen komme til Suldal IL og Prestavikjo stadion. Fredagkveld ordna dugnadsgjengen til i eit høljande regnvêr, men då laurdagen kom var det med sol og god temperatur. Det var kjekt, for det blir ein heilt anna cupstemning med solskin enn regnvêr!
Suldal-il.no kjem til å komma med mange bilde frå cupen ganske snart, men inntil vidare kan de sjå mange flotte bilde på Suldalsposten sine nettsider.
Lilleputt-klassen (6.-7.-8. klasse) var først ut, dei starta opp kampane kl 09.00. Det var ti lag fordelt på to innleiande puljer, slik at alle fekk spelt fire kampar kvar. Dei to beste laga frå kvar pulje gjekk vidare til semifinalar og finalar. I Pulje A var Sand 2 suverene og vann alle kampane sine. Erfjord 1 var laget som slo følge til semifinalane frå denne gruppa. I Pulje B var det jamnare, men det var to lag som skilte seg ut før dei andre. Sand 3 og Erfjord 2 enda begge opp med 9 poeng, men Sand 3 hadde betre målforskjell. Sand og Erfjord dominerte lilleputt, med andre ord. I den første semifinalen var det Sand 2 som vann etter ein jamn kamp 2-1 mot Erfjord 2. (meir…)