Suldalsserien startar på torsdag

På torsdag er det tid for oppstart av Suldalsserien. Då blir det kampar for miniknott, knott og lilleputt.

I år er det Erfjord IL som står som arrangør, og dei har sjølvsagt hatt utfordringar med korleis ein skal løysa avviklinga og halda seg til retningslinjene for korona. I samarbeid med smittevernlege og dei andre idrettslaga i kommunen, er nå oppsettet klart. For dei nemnde aldersgruppene blir det serie som vanleg med kampar torsdagane framover. Første runde er førstkommande torsdag 27. august.

Det blir ikkje Suldalscup i år, sjølvsagt på grunn av Korona og smittevern.
(meir…)

Endeleg er det fotballkampar igjen! G16 og J15

Det tok lang tid før det blei fotballkampar i 2020. I veka som var blei det endeleg aktivitet igjen.

Det er lov med kampar mellom spelarar opp til og med 19 år, dermed er fotballen for barn og unge i gong. Suldalsserien startar neste torsdag, 27. august, mens Suldalsgutane- og jentene starta i veka som var. For dei over 20 år er det stusselegear, det spørs om det blir noko aktivitet på dei i 2020…. (meir…)

J13 og J14 på cup!

I helga var Suldalgutgane- og jentene på Randaberg Score Cup i Randaberg Arena.

Sølv til J14!

Jentene gjorde ein god figur i den store innendørshallen dei er så heldige å ha på Randaberg, full kunstgrasbane under tak! Ørjan Underbakke har gjort ein framifrå jobb med jentene dei siste to åra, og avsluttar trenarjobben sin med dei med denne cupen. Han referer frå helga vidare i dette innlegget. (meir…)

Avslutning Suldalsserien 2019

Premie Suldalsserien 2019

Torsdag 24/10 var det avslutning for dei aldersbestemte laga i gymsalen.

Tilstelninga gjekk føre seg på tradisjonelt vis, bortsett frå fotoseanse i høve nye drakter frå Sparebanken Vest.

Tradisjonelt vis vil seia premieutdeling etter Suldalsserien, pølser og brus, og utlodning av gevinstar.

I år var det med ti lag frå Suldal IL i Suldalsserien. Tre miniknottlag, tre knottelag, tre lilleputtlag og eit ungdomsskulelag. I dei to yngste klassane blir det ikkje ført resultat eller tabell, der handlar det om å spela og ha det kjekt. (meir…)

Suldal IL aldersbestemte lag 2019

På avslutninga til Suldalsserien 2019, tok me felles lagbilde.

Alle spelarane i dei aldersbestemte laga som kunne komma blei med på bildet, samt trenarar og anna støtteapparat. Det er ikkje lett å skilja dei frå ungdommane, men det er to seniorspelarar med også!

Bildet og avslutninga var også ein måte å markera at Suldal IL har fått 14 draktsett av den nye hovudsponsoren Sparebanken Vest. Tusen takk for draktene!

Suldal IL aldersbestemte lag 2019. Tusen takk for draktene, Sparebanken Vest!

G10 på Macron-cup i Haugesund

Søndag 20.10. reiste 9 gutar frå knott til Haugesund for å representera Suldal IL på Macron cup 2019.

Cupen blir arrangert av SK Vard Haugesund, og i løpet av to helger blir det spela over 130 kampar, både jente- og guttelag i alder 6-12 år. G10 fra Suldal har spelt tre kampar – to mot Haugar, og eIn kamp mot Skjold IL. De vant ein kamp, og to andre avslutta uavgjort. (meir…)