Suldal IL hadde mange løparar i Ølmedal

Det var perfekte forhold for springing 29.mai med litt yr og kjøleg temperatur. Mange suldølar tek gjerne turen til «Ølmedal Rundt» i nabokommunen 2.pinsedag. I år var det 39.gang at 450 deltakarar stilte i aktiv klasse, i turklasse/mosjon eller barneløpet. Som alltid er det topp stemning og upåklageleg servering i Imsland denne dagen!

Fleire suldøler stilte i det 7 km lange løpet rundt vatnet, og det blei både gode tider og flotte plasseringar:

https://www.suldal-il.no/wp-content/uploads/2023/06/Resultater-Alle-klasser-Olmedal-Rundt-2023.pdf

Skikarusellen 2023

Om lag 180 ivrige skiløparar har i vinter delteke på Telenorkarusellen i lysløypa på Gullingen. Veldig gledeleg at så mange nye aspirantar har komme med og gjort kveldane i løypa ekstra kjekke.

Foto: Suldalsposten

Fire kveldar i februar og mars har Hjelmeland IL og Suldal IL invitert til skifest for både aktive, aspirantar og trimmarar. Aldersspennet har vore stort, frå dei yngste i barnehagealder og til dei eldste kor me òg har hatt med eit par pensjonistar. Skikarusellen er meint til å vera eit lågterskel-tilbod til alle som har lyst til å gå på ski, gjerne saman med fleire. Om ein vil konkurrere mot andre, med seg sjølv eller berre ha seg ein fin skitur, er det plass til alle.

Siste og fjerde renn gjekk i mildt, og til tider litt fuktig vêr. Regnet såg derimot ikkje ut til å lage noko dårleg stemning og det var berre blide fjes å sjå både ute i løypene og inne i varmestova. Denne kvelden var det tid for premieutdeling, og det vanka både luve og glas til alle.

Sjølv om det i lågheia har minka ein del på snøen er det framlies flotte skiforhold. Kanskje du er sugen på fleire skiturar utanom skikarusellen? Då vil det framleis vere bra i lysløypa, men òg i heia elles, til langt over påske. Søndag 26. mars går òg Hamrabørennet av stabelen. Dette er eit familierenn for både aktive, trimmarar og aspirantar. Sjå info på HAMRABØRENNET 2023 | Suldal idrettslag (suldal-il.no)

Hjelmeland IL og Suldal IL takkar deltakarar, foreldre og besteforeldre for i år og ønskjer velkomen att til ny karusell neste vinter!

Her er lister over deltakarar og resultat samanlagt og siste renn:

Resultat 3. skikarusell

I tett snøvêr og med stor innsats, brøyta skiløparane seg fram under skikarusellen i kveld. Det var stort sett greitt å smørje, men skispora som stod beine og fine fram til klokka fem, forsvann litt etter litt utover kvelden. Likevel var det ingen sure miner å sjå, og arrangementet, som Hjelmeland IL igjen hadde ei stødig hand på, gjekk godt.

Nå står det att eitt karusellrenn, 23. mars, og då ventar premieutdelinga for årets Telenorkarusell.

Her er resultatlista frå dei som gjekk på tid i kveld:

Marte og Mathea i Meråker på Hovedlandsrenn

Marte og Mathea i Meråker på Hovedlandsrenn

Suldalsjentene Marte Krogh og Mathea Vik har i helga (24.-26.februar) deltatt på Hovedlandsrennet i langrenn i Meråker, Trøndelag. Norges Skiforbund inviterer kvart år landets 15- og 16-åringar til å møtast i skisporet. Helga er fullspekka med ulike skirenn, og fungerer nærast som eit NM for desse årsklassane.

Suldal IL stilte i år med to unge og lovande jenter: Marte Krogh i klasse J15 og Mathea Vik i klasse J16. Dei var to av totalt 20 deltakarar frå Agder og Rogaland Skikrets.

Allereie fredag braka det laus med den relativt nye konkurranseforma i langrennssporten: Langrennscross. Tida då utøvarane forsvann ut i skogen, og kom tilbake til oppløpet og målstreken, er langt frå denne nye disiplinen. Her vert arena og løyper fylt med teknisk krevjande utfordringar for skiløparane, og gjerne stor underhaldningsverdi for publikum med action og musikk på skistadion. Langrennscross var veldig kjekt, melder Mathea og Marte! For Mathea var det også her og i sprint, at ho gjorde det aller best. Mathea gjekk inn til ein 15.plass (av 108), medan Marte fekk ein 70.plass (av 121) i langrennscross. Seinare på fredagen venta sprint prolog, kor det til sist endå med ein 24.plass (av 147) for Mathea og ein 108.plass (av 153) på Marte.

Laurdag var det 5 km klassisk distanserenn på programmet. Mathea hadde håpa at det skulle gå litt betre her, då ho enda som nr.43 på resultatlista (av 135). Marte gjekk inn til 106.plass (av 151), og var ikkje heilt nøgd med eigne resultat denne helga. Det er mykje som skal klaffa i skirenn: Med travelt rennprogram og i tunge løyper, skal dagsform og ski vera gode når ein møter jamaldrane frå heile landet. Deltakinga ilag med resten av skikretsen var veldig kjekk og sosial, og dei budde alle på same hotell, kan suldalsjentene fortelja. Helga gav definitivt motivasjon og inspirasjon til å fortsetta med trening og vidare satsing i langrenn, seier Marte. Ekstra nervepirrande var det å starta med første etappe på stafetten på søndagen, fortel Mathea. Ho gjekk for Agder og Rogaland sitt 1.lag, og laget gjekk inn til ein 14.plass av 65 deltakande jentelag. Marte gjekk tredje etappe på Agder og Rogaland sitt 2.lag, og dei kom i mål til ein 32.plass.

Konklusjonen til jentene frå Suldal er klar: Kjempe kjekt å vera med! Kjekt å vera ilag med folk frå heile skikretsen på tur. Og alt i alt så gjekk det jo bra.

Troppen til Agder og Rogaland Skikrets: Mathea Vik nr. 2 frå venstre i første rekke. Marte Krogh nr. 1 frå høgre i andre rekke. (Foto: Agder og Rogaland Skikrets)
Mathea Vik (J16) ut frå start
Marte Krogh (J15) i godt driv