by Kjersti Moe | des 13, 2021 | Resultatlister, Ski |
Tredje adventshelg drog 25 unge og litt eldre skiløparar frå Suldal til Hovden. Om det ikkje akkurat var nord i Setesdalen det meste av snøkaoset hadde hamna den siste tida, var det likevel kvitt og fint i løypene på skistadion. Mange fekk seg ei god økt på ski på fredagskvelden. Laurdag 11.desember venta Hovdenrennet, kor det totalt var 236 deltakarar til start. Stilart var fristil, og det var 12 løparar frå den yngre garden i Suldal IL som stilte til start. (meir…)
by Marta Bakka Lunde | okt 18, 2021 | Resultatlister, Ski |
Laurdag 16.oktober var det KM på rulleski i det flotte skianlegget på Hovden. Vêret var skiftande, og snøen låg nedover fjellsidene. Det hindra ikkje utøverane – Suldal IL viste godt att på resultatlistene. KM er for løperar frå 13 år og oppover i Rogaland og Agder skikrets. Dette rennet inngår som eit av renna i årets kretscup for aldersklassane 13 – 16 år.
Suldal IL gratulerer Ella Tjøstheim (J15) som vann og vart krinsmeister på 4 km friteknikk i hard og jamn konkurranse. Thomas Bakka (G15) kom på 3.plass etter 4 km i ein hard klasse med mange konkurrentar. Mathea Vik (J15) og Marte Krogh (J14) gjekk begge gode renn, der dei gjekk 4 km friteknikk. Daniel Bakka (G13), Magnus Lunde Hoftun (G13) og Vilde Tjøstheim (J13) gjekk gode 2 km i sine klassar. Agathe Lunde (J12), Simon Bakka (G12), Serina Litlehamar Kjetilstad (J11) og Hanna Lunde Hoftun (J11) enda med gode resultat etter 2 km friteknikk. Svein Aksel Tjøstheim (G10) gjekk fort i løypene, det same gjorde Amalie Lunde( J9), der begge gjekk 1 km. Det var godt humør blant utøverane og støtteapparatet. Etter vel gjennomført rulleskirenn var det mange av utøverane som tok seg ein gratis og velfortent dukkert i badeland. No gler me oss til vinteren og ny skisesong.
Resultatliste frå KM:
https://www.skiforbundet.no/ars/nyhetsarkiv/2021/10/km-rulleski-pa-hovden-16.-oktober/

by Per Even Tjøstheim | sep 27, 2021 | Resultatlister, Ski |
Sandes Idrettslag inviterte til rulleskirenn i Melsheia 26. september. Tre suldøler var med og beit godt frå seg i eit løp som gjekk i klassisk stil med fellestart. Med innlagde spurtprisar vart det liv i felta og stor fart. Både Daniel Bakka, Thomas Bakka og Ella Tjøstheim har denne sesongen rykka opp eit steg i løypelengd og løpstidene blir lenger. Dette er då fint å prøve seg på før sjølve skisesongen startar og er elles ei god oppkjøring før KM på rulleski i oktober.

Ella jaktar teten

Thomas drar feltet

Daniel med stor fart inn til vending
SI+Rullen+2021+Resultatliste
by Kjersti Moe | aug 22, 2021 | Resultatlister, Ski |

Thomas Bakka (G15) etter målgang 4,5km motbakke i Svandalen
Om me spolar tida tilbake til laurdag 14.august, så kan me kanskje minnast eit heller surt og vått sommarvær. Denne laurdagen trossa 30 deltakarar frå Jæren, Haugalandet og Ryfylke regnbygene og utfordra seg i motbakken frå Saudasjøen til Svandalen. Suldal IL stilte med 4 tøffe rulleski-løparar: Mathea Vik og Thomas Bakka imponerte begge i J15 og G15 i friteknikk i den 4,5 km lange motbakkeløypa. Ein imponerande innsats i 2 km motbakke gjorde også Daniel Bakka i G13 og Simon Bakka i G12. Eit kjekt, men hardt rulleskirenn, vart det meldt om. Foreldra var ikkje så ivrige med kamera denne regnvåte laurdagen.
Resultatliste:
https://www.langrenn.com/resultater-svandalen-opp-rulleski-2021.6402498-114053.html
by Per Even Tjøstheim | mar 18, 2021 | Resultatlister, Ski |
Ein fin kveld i mars arrangerte Hjelmeland IL andre og siste lysløypekarusell for dei som går på tid. Skirennet var òg ein del av Ryfylkemeisterskapet og
det blei mange tette duellar på rask snø og gode forhold. Ekstra moro med deltakarar både frå Sauda og Stavanger forutan lokale løparar.
Resultat Ryfylkemeisterskap – 2. karusell 17.03.21
Telenorkarusell 2021 – samanlagt
by Per Even Tjøstheim | mar 16, 2021 | Resultatlister, Ski |

I svevet!
Over 50 ivrige deltakarar har vore med i trim- og aspirantklassen i lysløypekarusellen i år. Dei har vist at skileik framleis er ein utandørsidrett og trassa både vind, snø og regn. Nytt av året var at dei utan tidtaking fekk sine eigne kveldar då me av smittevermessige orsakar ikkje kunne samle for mange på ein stad. Allikevel blei løypa og spesielt skileiken, flittig brukt og nye meistringar stod i kø anten det var framover, bakover eller kanskje ei ny kuleløype.
Alle som har delteke minst ein gong får premie og dei som ikkje var med siste gongen skal me få levert ut premiar til. I skrivande stund har me fått litt påfyll av snø og forholda er supre for endå meir skitur og skileik nå på tampen av sesongen. Ta turen!
Telenorkarusell 2021 trim- og aspirantklasse
(meir…)