Sparebanken Norge støttar med 100 000 kr til innreiing og utstyr i det nye utstyrslageret


Måndag denne veka kom Hans Olav Brustveit frå Sparebanken Norge med ei svært kjekk nyheit. Suldal Idrettslag har fått tildelt 100 000 kr i haust tildelinga frå Sparebanken Norge!

Støtta går til innkjøp av innreiing og anna utstyr som skal gjere det lettare å vere frivillig i alle ledd i Suldal Idrettslag. Med betre organisering og oversikt over utstyret håpar me å gjere kvardagen enklare for både utøvarar, trenarar og andre frivillige.
No ser me fram til at asfalten blir lagd på padeltennisbanen og fleirbruksbanen. Då får me flytta utstyret der det skal vere, og rydda plass på lageret til det nye som skal inn.

Dette er eitt av fleire prosjekt Sparebanken Norge har støtta sjå oss dei siste åra. Desse bidraga betyr mykje for det me får til i Suldal IL, og me set utruleg stor pris på både støtta og tilliten! Tusen takk for at de er med og legg til rette for aktivitet og frivillig innsats i laget vårt!

Rundt oss på lageret er noko allereie på veg inn, og noko håpar me snart er på veg ut der det skal vere. Her blir det godt å få orden og oversikt med god hjelp fra Sparebanken Norge!

Vil du lesa meir om lageret? 👉Nye lagermoglegheiter for Suldal Idrettslag | Suldal idrettslag

J13: Jenter vil meir!

J13 saman med Mia Sofie Reinhardt, Ida Mortensen Natvik og Kaja Olsen.

Laurdag 31. oktober fekk me i Suldalsjentene J13 ein unik sjanse til å læra av dei beste. Takka vere Sparebanken Norge si satsing på jentefotball, «Jenter vil meir!», fekk spelarar og me som trenarar ein heil dag tett på støtteapparatet og spelargruppa til FK Haugesund.

Dagen var tettpakka med fagleg og sportsleg innhald frå øvste hylle. Me fekk ei treningsøkt med utviklingsansvarlege for jentesida i FKH, spelarmøte og kampmøte med assistentrenar for damelaget til FKH, noko som gav oss eit unikt innblikk i korleis ein toppklubb førebur seg til kamp. I tillegg fekk me omvising på Haugesund Sparebank Arena, før me avslutta ein intens dag med å sjå kamp på stadion.

Inspirasjon

For både spelarane og oss trenarar gav dette motivasjon og ny lærdom. Å sjå korleis FKH jobbar med detaljar i spelet og førebuingar, tek me med oss vidare inn i vårt eige treningsarbeid. Det var også ekstra kjekt å få høyra frå spelarane i FKH om deira reise frå breiddelag i eigen klubb til toppsatsinga. Og hovudbodskapen var tydeleg: ha det kjekt!

read more…

Suldal 2 endte på andre plass

Då har me hatt avslutningsfest for 7 er laget. Det var ein kjekk gjeng som stilte på Peppes Pizza.

Tjueseks spelerar brukt, syttiseks mål for og førtiein baklengs er de tørre fakta for sesongen til 7 er laget som held til i Stavanger. Yngstemann Sigurd på seksten år og eldstemann Tommy på førtiseks viser spennet i alder på spelerar som har bidratt i år. Alle desse tala er det som gjer at dette laget er så viktig for oss i Stavanger, men og for A-laget og suldalsfotballen generelt. Foruten Foldøy og Vanvik, er heile kommunen representert denne sesongen. Det er eit tilbud som kan favne mange og gir eit tilbud til både dei som har gitt seg med 11 er fotball og A lags spelerar som held til i byen.

read more…

Norway Cup 2026: Fantastisk, ei kjempeoppleving, me reiser heim med store smil

For første gong sidan 1982 stilte Suldal IL med lag i Norway Cup. Dette blei dekka gjennom to reportasjar i Suldalsposten. Me saksar frå dei for å dokumentera innsatsen her på heimesida.

Reportasje etter cupen: Suldalsposten 31.07.2026

Trenar og far, Aslak Moe, rapporterer på veg heim frå cup-eventyret med Suldalsgutane i Oslo.

Nora Bogetvedt Jenssen Journalist

Publisert 31.07.2026 – 18:00

Han meiner han snakkar for alle når han seier det har vore ei fantastisk oppleving. Meldinga ut før dei drog var at det viktigaste var å ha det kjekt og det har dei hatt.

read more…

Norway cup 2026: 33 suldalsgutar med trenarar og familiar set kursen mot Norway Cup

For første gong sidan 1982 stilte Suldal IL med lag i Norway Cup. Dette blei dekka gjennom to reportasjar i Suldalsposten. Me saksar frå dei for å dokumentera innsatsen her på heimesida.

Reportasje før cupen: Suldalsposten 22.07.2026

Det viktigaste med turen blir å få ei kjekk oppleving, meiner trenar-trioen.

Nora Bogetvedt Jenssen Journalist

Publisert 22.07.2026 – 18:00

Suldalsgutane G14 og Suldalsgutane G16, med både 15-, 16.- og 17,-åringar på laget, er klare til avspark 26. juli på Ekebergsletta i Oslo. Der får dei oppleva verdas største fotballturnering for barn og unge på nært hald.

read more…

A-laget har snudd skuta!

Etter ein haust med marginer mot Suldal sitt a-lag, har det snudd i dei siste tre kampane. Sju av ni poeng er poengfangsten på tre kampar i Prestavikjo i oktober. Det har vore jamne kampar, men det som gjekk i mot i starten av haustsesongen går nå rette vegen.

Oktober starta med heimekamp laurdag 3. oktober. Tjensvoll kom på besøk, eit lag som kjempar om 2. plassen i pulja. «Som vanleg» i kampane til Suldal, kjem me eitt mål bak heilt frå starten, slik at ein må kjempa for å komma inn i kampen. 0-1 på hjørnespark etter to minutt.

read more…

Tung haust for a-laget

A-laget på trening før sesongstart. Foto: Suldalsposten.

A-laget hadde ein god vårsesong, spesielt på bortebane, og vann seks av dei ti kampane dei hadde før ferien. I haust har det vore mange heimekampar, og då skulle ein trudd at det kunne bli mange poeng i Prestavikjo. Slik har det ikkje blitt.

I år har alle laga stilt opp til kamp i Suldal, og dei har stilt sterkt. Det har gitt kun 1 poeng på fire kampar i Prestavikjo. Det har vore jamne kampar, men det verkar til at alle marginer har gått mot laget vårt i haust. Trenden har vore at ein er komme bakpå frå start, og dermed måtta jaga resten av kampen for utlikning.

read more…

Rogaland Sparebankcup på Hjelmeland

J10-12 gjer seg klar til kamp.

Laurdag 26. september reiste me med seks lag til Hjelmeland for å prøva oss på Rogaland Sparebankcup. Det er mange år sidan me har hatt med lag her.

Cupen er for 6-11-åringar, men me fekk med oss nokre 12-åringar også. Laga me stilte med var:

  • G6 3’ar-lag med seks jenter og gutar frå 1. klasse som spelte sin første cup og kamp etter at dei starta opp med trening i haust.
  • J8 5’ar-lag med fem jenter frå 2.-3. klasse.
  • G8 5’ar-lag med seks gutar frå 2.-3. klasse.
  • G9 5’ar-lag med fem gutar frå 4. klasse.
  • J10 7’ar-lag med åtte jenter frå 5.-7. klasse.
  • G11 7’ar-lag med ti gutar frå 5.-7. klasse.
read more…

Etterlengta 3-poengar for J13!

Etter ein vårsesong kor det meste tippa vår veg, har me i haust fått kjenna på annan motstand. Før dagens kamp mot Bremnes mangla me ein 3-poengar, og jentene var spent på kven som stod på motsatt side når me i dag skulle heilt til Bømlo!

Inn mot kampane prøver me likevel å ha fokus på dei grunnleggjande tinga me øver på både på trening og i kamp, og sjølv om kampane så langt ikkje har bikka vår veg, har det vore tette kampar. Dei første fem minutta i dag blei nokså rufsete før kampen fekk sett seg, og etter det var det Suldalsjentene som stort sett hadde grepet om kampen. Likevel kom det nokre farlege gjennomspel frå heimelaget sin høgre midtbane, som overraska oss litt og som me ikkje greidde å liggja i førekant på. Likevel blei dette stort sett greitt for forsvaret å plukka og det blei aldri dei store sjansane til heimelaget her. Jentene våre på sin side stod høgt og hadde mange spel fram mot motstandarane sitt mål. Når me då tek løpa og følgjer opp, kan det ofte bli farlege sjansar, og med berre få minutt i mellom fekk me to neste like mål frå litt skrå vinkel. Og slik var ståa til pause. Med forrige heimekamp friskt i minnet og med litt for stort mellomrom mellom forsvar og midtbane i første omgang, var likevel ikkje trenarane trygge. Me fekk brukt pausen godt, teikna og forklart med småstein og fekk lukka gapet mellom ledda i andre omgang, og ikkje minst fylt på med to nye mål. (Eg må setja i parentes at me nok helst skulle hatt endå betre utteljing på mål når ein ser på antal sjansar, men det får stå i parentesen i dag). Heimelaget sin største sjanse var eit frispark like utanfor keeperfeltet tidleg i andre omgang, men denne gjekk rett over mål. I tillegg hadde vår keeper snusen på retninga, så det blei ikkje noko hjartehopp. Suldalsjentene gjorde altså jobben og fekk ein etterlengta og velfortent seier!

Suldalscupen 2026

Det blei sorpa på Kjølvikstølen!

Det var mange som kikka ekstra på Yr.no i dagane før cupen på Kjølvikstølen laurdag 19. september, for varselet var til tider ille!

Kl 8:30 møtte dei første opp, miniknott og lilleputt skulle først til pers. Me var akkurat i gong med å setta opp telta då vatnet plutseleg datt ned frå himmelen! Dette kunne bli interessant. Arrangørane frå Haugil IL var nok litt uroa for grasmatta og korleis dette skulle gå.

Men då dommarane bles i gong dei førsta kampane, slutta regnet, og det haldt seg vekke i alle fall så lenge miniknott, knott og lilleputt spelte. Det var ungdommane som fekk det vått i dei siste kampane sine. Alt i alt må ein seia ein var heldig med veret likevel. Grasbanen fekk rett nok køyrt seg, og spesielt lilleputtane blei tunge i beina mot slutten

Suldal IL stilte med to lag i miniknott, fire i knott, tre i lilleputt og eitt i ungdomsklassen. Totalt 85 spelarar i gult og svart.

read more…

Logg inn for å legge inn innlegg her:

Besøk sidan februar 2009

Ulike kategoriar

Utstyrsleverandør

Hovudsponsorar

Suldal IL på Facebook

Reiserekning

Her kan du laste ned reiserekning. Klikk på teksten under. Oppdatert 2026.