
Kr 20.000,- frå Norsk Stein til Prosjekt Prestavikjo!
Førjulsgåva frå Berakvam var kr 20.000,- til prosjektet frå Norsk Stein.
Norsk Stein er ei hjørnesteinsbedrift i kommunen, med mange ansatte som også er medlemmer i Suldal IL. Dei er frå før gode bidragsytarar til drifta til idrettslaget gjennom å både vera skiltsponsorar, bidra med støtte til treningsklede, og som mangeårig sponsor til Suldalsgutane- og jentene.
Nå er dei med på Prosjekt Prestavikjo med kontantbeløp, og kan hende blir det andre avtalar med dei i høve prosjektet framover også.
Tusen takk!
Kr 5000,- frå Suldal bygdekvinnelag til Prosjekt Prestavikjo!
Rett over nyttår fekk me svar på søknad til Suldal bygdekvinnelag om at dei ønskjer å støtta «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!» med ein kontantsum på 5000 kroner. Det set me stor pris på!
Det er både viktig og kjekt at prosjektet har støtte frå lokale lag og foreiningar, for me håpar at også kvinner i alle aldrar i bygda vil finna ein aktivitet dei likar i Prestavikjo. At folk i bygda har tru på prosjektet og ønskjer det velkommen er ei vitamininnsprøyting.
I tillegg til kronebeløpet, går også bygdekvinnene i bresjen og vil stilla med dugnadsinnsats når den tid kjem. Dette er eit supert signal, og til inspirasjon for andre!
Tusen takk for støtta!
Glid og feste på ski!
Me er endå i byrjinga av skisesongen og mange skitreningar, skirenn og skiturar står for tur. Tysdag 17. januar kl. 18 arrangerer skigruppa eit lite grunnleggjande kurs i skipreparering i Gullinghuset . Medan ungane har trening ute kan foreldre, føresette og andre som har lyst, få innføring i teknikkar og bruk av produkt som gir glid og feste. Me snakkar òg litt om ski og skiutstyr- spesielt til born og unge. Velkomen!
Skihelg på Voss!
Røldalsrennet
Året fyrste skirenn idag, og det var i Røldal, Røldalsrennet.
Nyttårscup 2022

Finalistar:
Frå venstre:
2. plass: Sindre, Mulue, Teame
1. plass: Ørjan, Bjørn, Vidar.
3. plass: Øyvind, Øystein, (Ronny gått).
4. Plass: Tobias, Hallvard, (Jørgen gått).
Omsider var det tid for ein ny Nyttårscup etter to år med coronapause.
Sist cup var i 2019, då var det med sju herrelag og fire damelag. I år blei det svært god oppslutnad blandt herrene, spesielt frå dei yngre rekker. Det er svært kjekt! Litt synd det var få damer som meldte seg. Tre påmeldte blei for lite til å laga cup. Håpar me greier å finna ein form som gjer at fleire melder seg neste år!
Som alltid er det indivuduell påmelding og trekking av lag. Her var aldersbestemte spelarar i 10. klasse, a-lagsspelarar, gubbaspelarar og noko midt mellom. Aldersspennet var vel på over 40 år, men kven som var yngst og eldst viser ikkje nødvendigvis på banen. read more…
Kr 400.000,- til Prosjekt Prestavikjo frå Ryfylkefondet!
Det kom ei gledeleg melding frå Ryfylkefondet denne veka om at dei støttar «Prosjekt Prestavikjo» med kr 400.000,-!
Med det viser dei verkeleg at dei står inne for visjonen om å vera ein kraftbank som sikrar og aukar busetjing og trivsel i Ryfylke. Styret i Ryfylkefondet er sett saman av fylkesordføraren og ordførarane i kommunane i Ryfylke. Vår eigen ordførar Gerd Helen Bø er styreleiar, og den kjekke meldinga vart overlevert av dagleg leiar Geir Ims.
Ryfylkefondet er ein del av Ryfylkealliansen, og det er også Ryfylkepuls som kjem Suldalsosen førstkommande tysdag for å laga repostasje med anna om Suldal IL og aktiviteten vår. Me må derfor nytta høvet til å stilla opp så mange som mogleg av elevane på Vinjar skule tysdag 8. sept kl 14.00. HUGS SULDAL IL-KLEDE om de har, slik at me viser igjen. Og sjølvsagt visa at støtta me har fått kjem godt med hos oss!
Andre som ikkje er på arbeid er også velkomne!
Medlemskontingent for 2022!
Faktura for medlemskontingent er sendt ut via KlubbAdmin. I eposten ligg det blant anna link til fakturaen og Minidrett. Me har også i år brukt Norges idrettsforbund sitt system KlubbAdmin (til epostadressa di), slik at faktureringa følgjer medlemsregisteret vårt.
I kveld 01.11. vart det sendt ut faktura for betaling av medlemskontingenten, med forfall 15.11.2022. Me håpar alle som er og har vore aktive i 2022 betaler kontingenten.
Oppmodar alle som vil vera medlem om å betala kontingenten, og ved spørsmål ta kontakt med fungerande kasserar Rune Vaage på kasserar@suldal-il.no eller telefon 91 70 85 25. Her finn du informasjon om satsane på medlemskontingenten: http://www.suldal-il.no/?page_id=5347
Er du eller ungane dine med på aktiviteter i regi av Suldal IL, men har ikkje motteke varsel om faktura via epost: då ber me om at du tek kontakt slik at me får oppdatert kontaktinformasjonen og medlemslistene våre.
Ved betaling av medlemskontingent trer ulykkesforsikringa i kraft, slik at du er registert når du deltek på aktivitertar.
Ønskjer du å melde deg ut av idrettslaget gjer du det ved å senda epost til kasserar@suldal-il.no
Antal betalande medlemmer dannar også grunnlaget for tilskot til laget.
Ditt medlemskap er viktig!
Protokoll frå styremøte 17.10.2022
Hei!
Vedlagt finn dykk møteprotokoll frå styremøte i Suldal IL førre måndag. Ha ei god og aktiv veke!
Protokoll frå styremøte Suldal IL 17.10.22
Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!
Mange vil ha fått med seg at Suldal IL jobbar med å utvikla Prestavikjo stadion til eit nærmiljø- og fleiridrettsanlegg.
Prosjektet er spelt inn til Suldal kommune til budsjetthandsaminga, og i haust vil ressursgruppa jobba med å skaffa økonomiske midlar til prosjektet gjennom kommunal støtte, spelemidlar og støtte frå stiftingar, næringsliv og andre.
Me har eit håp om at me får starta på prosjektet over vinteren, aller helst har me ein draum om å få fullfinansiert heile prosjektet slik at ein kan får realisert alt me ønskjer i løpet av 2023. For å få til dette, må me få full klaff både i budsjettet til kommunen og på Suldal IL sine søknadar om midlar. Får me det til, så er dette noko som vil skapa ein fantastisk treffstad for alle i bygda og kommunen!
Nenad Ignjatic har hjulpe oss med å visualisera aktivitetane me ønskjer å samla rundt kunstgrasbanen gjennom nokre flotte teikningar. Dei ser du i videoen og under presentasjonen av prosjektet.
Detaljar om prosjektet kan de lesa dykk til i presentasjonen under.
Ønskjer du, di bedrift eller din organisasjon å bidra? Me blir svært glade for det! Ta kontakt med Jon Bråtveit: fotball@suldal-il.no
Ein liten videosnutt på to minutt, teikningar av Nenead Ignjatic, satelittbilde frå Google Maps. Musikk: iMovies.
Her er presentasjonen av «Prosjekt Prestavikjo». Klikk på presentasjonen for å komma vidare.
Sjå teikningane til Nenad Ignjatic: