tasta

Noko kan ein seie når ein har sett kamp der Suldal A-lag spelar, og det er at det ofte endar i målrike oppgjer. På dei to første seriekampane våre har det kome tjueein mål. Det negative er at sytten av desse er plukka ut or nettet av Suldals unge keeper, Ingve Berge.

Etter eit braktap mot eit sterkt Vardeneset 2 lag skulle ein tru at me hadde lært av dei feila me gjorde i den kampen, men den gang ei. Me byrja bra og hadde eit bra initiativ i kampen dei første ti minutta, men etter det og fram til pause vart me mykje springande imellom og slapp inn tre mål før pause. To av desse måla var keeperen vår litt uheldig på, medan det siste kom etter deffensive svakheter og dårleg organisering. Sjølv om målmannen vår kan ta på seg skulda for to av måla, så redda han forsvaret vårt ved fleire anledningar. Me står for høgt og har ein noko offensiv tankegang, men om ein ikkje klarer å prestere når ein har ball i føtene bør me kanskje byrja å tenkje litt meir deffensivt. Tasta kunne uansett gå til pause med ei grei 3-0 leiing.

I pausen fokuserte trenaren vår på at dette var noko me kunne snu og det verka som at spelerane våre også hadde trua på dette. Det tok ikkje lang tid etter pause før dagens kaptein, Tore Bendiksen Søraas kunne heade ballen inn i tastanettet etter frispark frå Sigvart Vårvik. Det verka som at me hadde byrja å få trua på at dette kunne klare for det tok ikkje lang tid etter reduseringa at me kunne skrive 3-2 i resultatboka. Ein lekker nikk frå Espen Josdal og gjennom til Hallvard Erfjord førte til at den unge Erfjordbuen var aleine med keeper. Hallvard gjorde ingen feil og sette ballen i mål på elegant måte mellom beina på den grønkledde frå Tasta. Det virka med eitt som at Tasta var ute å kjøre i denne perioden, for laget deira byrja å slå sprekker og dei byrja å gjere slike feil som me gjorde i første omgang. I denne perioden fekk Hallvard ein kjempesjanse til å utligne, men ballen fauk knallhardt rett over målet som var nærast Nuten.

Etter denne sjansen så virka det som at suldalsenergien gjekk fullstendig i kortslutning. I plassen for at me utligna, så kjørte Tasta ei kontring på vår hørgeside. Denne kontringa enda i målet bak Ingve og me gjekk inn i ein periode som me bør gjemmast over. Dei store personlege feila var igjen tilbake og Tasta fekk leike seg på vår heimabane. Laget frå Stavanger satte like godt fire mål til i nettet før dei gav seg og dommaren bles av for 92 spelte minutt.

Kampen enda 8-2 og me står igjen og snakker om personlige feil og dårleg samhandling. Me har nå møtt to av opprykksfavorittane i pulja, men me skal ikkje tape så mykje på vår eigen heimebane. Me skal i neste kamp mot Våganes den 27 april vise at me har lyst å vera med å spele i 5 divisjon. Ting bør endrast på fort om me vil ha positivt resultat i denne kampen. Denne kampen skal også spelast i Prestavikjo og me håper at folk vil komma å støtta oss denne siste lørdagen i april.

 

Mål: Tore B Søraas, målgjevande av Sigvart Vårvik. Hallvard Erfjord, målgjevande av Espen Josdal

 

Laget: Ingve Berge-Lars Lavalette, Sigvart Vårvik, Nils Arne Moe, Christer Hansen-Bjørn M Steine, Tore B Søraas, Odd Å Lunde, Christian Smithson-Espen Josdal, Hallvard Erfjord.

Benken: Tor Olav Berge, Øyvind Gjuvsland og Jan Ove Støle ( alle fekk speletid)