Gjøran Torin, Tim og Sander måtte sjå langt etter poeng på Torvastad

Gjøran Torin, Tim og Sander måtte sjå langt etter poeng på Torvastad

Det vart eit knepent tap i årets andre teljande kamp for 16-årslaget. Torvastad var hakket kvassare enn Suldalsgutane, spesielt i 1. omgang. Heimelaget pressa Suldal bakover på banen frå første spark på ballen, og sjølv om kampen vart jamnare etter pausen,  var det heilt fortent at alle 3 poenga vart att på Karmøy.

Av ein eller annan grunn var Suldal tunge og ukonsentrerte frå start. Dette førte til mange balltap og feilpasningar. Heimelaget sine fotrappe spelarar produserte sjanse på sjanse det første kvarteret, medan Suldal hadde meir enn nok med å forsvare seg. Etter godt og vel 10 minutt kom 1-0 – målet etter svake klareringar på ein korner. Leiinga var fullt fortent, for Suldal kom knapt over midtsteken i denne perioden. Suldalstrenaren mumla noko om “stygge siffer om me ikkje skjerpar oss”.

Men litt etter litt fekk Suldal meir tak i kampen. Spelarane fann etter kvart ut at det gjekk an å halde ballen i laget, ikkje bare måke unna. Og sjølv om det var Torvastad som var det førande laget resten av omgangen, kom dei ikkje nærmare enn nokre ufarlege langskot.

Etter pausen var kampbiletet det same som i slutten av 1 omgang: Torvastad hadde ballen mest men Suldal fekk betre defensiv kontroll, og spesielt midtstopparane Mikkel og Pål Erik jobba godt. Framover på banen hadde ikkje Suldal så mykje å kome med i denne kampen. Første målsjanse kom ikkje før etter over 70  minutt. Då kom til gjengjeld 3 på rad, og med flaks kunne kampen endt uavgjort, noko som ville vore blodig urettferdig sett med heimelaget sine auger.

Gutane skal ha honnør for at dei etter ein svak start jobba seg inn i kampen, slik at dei “stygge sifra” trenaren frykta i starten av kampen vart erstatta av eit heiderleg tap. Det er til å leva med!

Neste kamp er heime mot Djerv 1919 2, torsdag 2 mai.

Mål:  1-0         12 min  Torvastad

Gult kort:     Pål Erik Landsnes, Suldal

 

Lag: Oddbjørn Lund, Mikkel Wigestrand, Pål Erik Landsnes, Eric Smithson, Gjermund S. Halgunset, Sander Deilkås, Tim Sparcholz, Christian Smithson, Gjøran Torin Våge, Peterson Tijhius, Tojus Steine

Innbyttarar: Gunnar Skålheim, Isak B. Espe, Tom F. Wærnes