Djerv 1919Med hovudtrenar, Morten Jelsa på firmatur til Roma var det Tor Olav Berge som skulle losa dei håpefulle unge gutane gjennom kampen mot Djerv 1919 2 denne forholdsvis fine torsdagskvelden i Prestavikjo.

Før kampen snakka me om organisering, trøkk og ikkje minst bevegelse slik at me kunne skape overtak og sjansar på overgangar. Me ville dekka rom og kjempa Djerv 1919 ut av stilen som me visste ville vera hurtig pasningsspel. Det starta som det ofte gjer med lag frå Suldal. Dårleg konsentrasjon frå start gjorde til at Djerv 1919 fekk løsna eit skot frå 20 meter før det var gått eit minutt. Dårleg press og ein litt uheldig målmann gjorde til at me låg under 1-0 rekordtidleg. Det underteikna fekk lære etter denne kampen var att desse gutane våre ikkje let seg knekke når dei får litt motgong for allerede to minutt etter at me fekk første målet i fleisen, svara suldalsgutane med eit kjempeangrep der Gjøran Torin Våge kom opp på høgresida og la perfekt inn til Peterson Tjaard Tijhuis, som enkelt kunne settje ballen i mål. Reduseringa var eit faktum og det stod 1-1 p resultattavla før det var gått tre minutt av kampen. Utover denne omgangen trøkka Djerv 1919 2 ganske bra på forsvaret vårt utan at dei klarte å komma til dei største sjansane. Dei skulle likevel få ein sjanse til som dei klarte  settje i målet bak Oddbjørn Lund i suldalsmålet.

I pausen snakka me om å ligge på rett side av motspelerane og å dekkje romma slik at haugesundslaget ikkje skulle klara å skapa så stort press på forsvaret vårt.

Det me alle var enige om i pausen viste seg likevel å ikkje heilt fungera slik me hadde planar om. Andre omgang var ikkje gammal før me kunne konstatera nok eit tidleg baklengs og resultatet 3-1 var eit faktum. Eit kjedeleg tidspunkt å få mål imot dette, men guttane fortsatte å kjempa godt utover i kampen. Me begynte å gjera slik me var enige om i pausen og spelet begynte å fungera greit. Det var derfor kjedeleg at Djerv 1919 2 fekk ein nåke billig straffe etter 15 min av andre omgong. Denne sette dei kontant i mål og ei litt ufortjent 4-1 leiing til gutane frå Haugesund var eit faktum. Men i plassen for å deppe og miste heilt gnisten så snudde gutane våre kampen heilt i banespelet og dei siste tjue minutta av kampen var kun prega av kanonbra suldalsspel over heile linja. Taklingane satt, løpa var perfekte og pasningane var strøkne. Dette førte også til to tre bra dødballar og to stolpeskot med påfølgande gode redningar på retur av Djerv 1919 sin målmann.

Kampen ebba likevel ut med 4-1 siger til Djerv 1919 2 og me kunne konstatere at dette var eit litt flatterande resultat med tanke på spel og sjansar. Det dagens lagleiar Tor Olav likevel skal berømma gutane for i dag er pågangsmot og ei kanonbra tenning gjennom heile kampen. Alle gjorde ein kjempeinnsats når dei fekk spele og dette er noko ein bør ta med seg vidare denne sesongen. Då kjem også dei positive resultata.

Laget:

Lag: Oddbjørn Lund, Mikkel Wigestrand, Pål Erik Landsnes,Mateuszm Kolanowski,Lars Lavalette Gjermund S. Halgunset, Sander Deilkås, Tim Sparcholz, Gjøran Torin Våge, Peterson Tijhius, Tojus Steine

Innbyttarar: Gunnar Skålheim, Tom F. Wærnes, Odd Inge Austarå, Daniel Johan Gjerde