Etter å ha tråla gjennom det som stort sett var av seniorspelerar i Suldal fekk me endelig stabla ein fjortenmannstropp til denne vanskelege bortekampen mot opprykksjagande Havørn frå Tananger.

Me hadde ein kamp som dette i fjor også. Der alle hadde andre prioriteringar enn å vera med på kamp i Stavanger, så då må me akseptera at me ligg der med ligg på tabellen. Ikkje det at me hadde eit dårleg lag til denne kampen, for det hadde me ikkje, men kontinuitet og erfaring er faktorar som er viktige i fotball.

Denne kampen antok me at ville bli ein forsvarskamp gjekk ut i ein deffensiv 4-5-1 formasjon. Havørn trilla ball og me låg kompakt og godt deffensivt og sette det blå laget i offside fleire gonger. Dette er noko me må fortsette om me skal få med oss poeng frå denne pulja der mange av laga er meget bra.

Havørn vant det meste av utspel og duellar på midten så det vart ein del trøkk på forsvaret vårt denne kampen også, men sjølv om forsvaret stod imot ei stund skulle likevel laget frå Tananger få to fortjente mål bak keeper Ingve Berge før kampens gode dommar bles av for pause.

Geir Sigmund prata om korleis kollektivet vår fungerte bakover og at me bare skulle fortsette å prøve å trille ball slik at me kunne komme oss opp i angrep. Han trakk fram den deffensive jobben som heile laget hadde med på.

Andre omgang fortsatte likevel som den første hadde vore. Suldal låg og forsvara seg, mens Havørn trilla ball og gjekk i offside. Dei hadde likevel eit par sjansar der dei var aleine med keeperen vår, men han var mesterlig i desse situasjonane og fekk avverga. Dommaren me hadde denne kvelden var i den flinke enden av skalaen, men han hadde likevel eit par grove feil som gjorde sitt til at motstandarane våre fekk gå opp i ei 3-0 leiing. Dommaren kunne lett dømt frispark i Suldal sin favør og offside på løpet etterpå, men valgte her å la spelet gå.

4-0 var av den klønete sorten. Midtstoppar Tor Olav las spelet og skulle bare få ballen vekk, men som i fjor i heimekampen mot Forsand så endte det med eit sleivspark i eige nett. Suldal jobba likevel bra på sjølv om me låg under. Rett før slutt skaut ein Havørnspelar ballen i tverrliggaren og rett i Ingve, før ballen enda i mål. 5-0.

Sjølv om resultatet kan vitna om ei overkjøring, så sit ikkje underteikna igjen med at det gjekk så aller verst med det deffensive i denne kampen. I hvertfall i første omgang. I andre blir det gjort ein del byter på grunn av trøtte bein og småskader. Dette gjer og til at spelet blir stykka opp og folk kanskje ikkje kjem inn i spelet sitt etter bytet er gjort og eventuelle rokkeringar kan virka som ei ny oppleving for spelaren det gjeld. På lørag 11 mai tek me i mot Forsand i Prestavikjo kl 14.30. Moralen i laget er fortsatt bra og smilet er aldri lang borte frå spelarar eller trenar. Me prøver å jobba for poenga og satsar på gode opplevelsar til helga.

 

Gule kort: Johannes Wiegestrand og Nils Arne Moe

Laget: Ingve Berge, Nils A Moe, Tor Olav Berge, Odd Åsgeir Lunde, Lars Lavalette, Tore M Steine, Johannes Wiegestrand, Bjørn M Steine, Ørjan Underbakke, Sigvart Vårvik, Hallvard Erfjord

Benken: Svein Egil Holmestad og Audun Hilde (begge fekk speletid)