Det vart ein jamn kamp då Suldal møtte topplaget i avdelinga, Vard i Haugesund onsdag kveld. Til slutt var det Vard som sat att med alle 3 poenga, men Suldalsgutane kan vere nøgde med eigen innsats. Stemninga i bussen var derfor ikkje alt for nedtrykt på heimvegen.
Suldal opna kampen i stort tempo og etter 5 minutt hadde både Håvard og Gunnar vore åleine mot keeper men begge avslutningane gjekk dessverre utanfor. Etter dette kom Vard meir med i spelet. Midtstopparane Mads og Knut fekk det travelt med å springe opp Vard sine stadige forsøk på å slå ballen i rommet bak Suldal sin forsvarsfirar. Likevel var det Suldal som tok leiinga. Eit presist framspel frå midtbanen nådde André, og på tredje forsøk åleine med keeper lukkast det Suldal å lure ballen i mål. Men bare eit par minutt etterpå kom utlikninga då ein Vard-spelar tok 2 av Suldal sine forsvarsspelarar med på springetur mot målet. Med innsats og teknikk klarte kan å setje ballen bak ein god Marius i Suldalsmålet. Ein flott prestasjon!
Resten av omgangen vart prega av at Suldalsgutane er litt passive i avgjerande situasjonar. Spelararne er for snille og høflege, og let aggresive motspelarar vinne viktige duellar. 2-1 målet til Vard kom etter ein slik situasjon: Suldal mister ballen på veg framover, Vard set fart og avsluttar med eit hardt skot i mål. Men like før pause viste Suldalsgutane seg frå si beste side i eit klassangrep. Ballen gjekk frå midtbanen og ut på høgrekanten. Daniel lurte backen sin med dei flott innleggsfinte før han serverte ballen til Gunnar som ekspederte ballen i mål. 2-2 og ei flott avslutning på omgangen.
Andre omgang var jamnspelt. Uheldigvis starta den med at Vard skora på ei korner etter at me ikkje klarte å klarera skikkeleg. Men Suldalsspelarane heva seg. Midtbanen vart flinkare til å variere ved å vri spelet mot der det det var mest plass, i staden for å klumpe seg mot midten. Forsvarsfiraren var oppmerksame og lurte Vard-spelarane fleire gonger med offside-fella. Både Suldal og Vard hadde sine sjansar til å skore, men kampen ebba ut med eit knepent 2-3 tap.
Neste kamp i kretsserien er heime i Prestavikjo mot Falkeid mandag 13. mai.
Mål
0-1 14 min André
1-1 16 min Vard
2-1 21 min Vard
2-2 35 min Gunnar
3-2 37 min Vard
Lag: Marius Søraas, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Aslak Fisketjøn, Jørgen Lund, Kentaro Indo, Gunnar Skålheim, Eirik Halgunset, Daniel Espe, Håvard Fattnes, André Vatland
Innbyttarar: Yahya Hassan, Espen Jelsa , Pelle Tijhuis, Bjørnar B. Steine