I deilig regnvær skulle Suldal ta i mot Forsand til duell om dei gyldne tre poenga som me alle ønskjer oss. Med siger over dei blå frå Forsand ville me passere dei på tabellen og få vekk poengsmultringen som me har hatt i fire serierundar.

Til denne kampen viste det igjen at Suldal er i et generasjonsskifte med mange unge spelerar i troppen. Likevel viser det seg at den eldre garde er god å ha med seg i krigen i tillegg til ungdommelig pågangsmot. Geir Sigmund Bratland snakka før kampen om at han ville ha stabilitet og rutine i forsvarsrekka frå start av og heller våge litt meir framover om det viste seg at me kom til å trykka motstandaren vår bakover på banen. Inkludert keeper var snittalder på dei fem bakerst 33 år og få vett kor mange kampar for Suldal desse karane hadde, men at det er mange er hvertfall sikkert. Framover på banen var aldressnittet betraktelig mykje lågare og med ein snittalder på 19.5 år på dei seks andre som starta ville me ha mykje vilje og kondisjon.

Kampen starta med eit spelemessig overtak til heimelaget der me hald eit forholdsvis lågt tempo, men med sikkert pasningsspel og bra kontroll dei første tjue minutta. Ein kan ikkje seie at me hadde så mange målsjansar i denne perioden, men mål det skulle me få. Etter eit langt utspark frå vår veterankeeper, Erik Walter Vold jobba spissane våre Ingve og Espen etter ballen. Den einaste som likevel kom borti ballen på dens veg inn i forsandsmålet var ein uheldig midtstoppar frå bortelaget. Han skulle bryste ballen inn til keeperen sin, men visste lite at keeperen stod langt ute. Ballen for forbi ein forfjamsa burvoktar og inn i mål. Ein herleg suldalsledelse var eit faktum. Som me har erfart før er det ein fordel for oss å ha mange innbytterar tilgjengeleg. Dette skulle me få erfare denne laurdagen i Prestavikjo også. For i ein femten minutters periode hadde me benytta oss av alle innbytterane og spelte ei lita stund med berre ti mann. Forsand tok meir og meir over spelet, men lukkast lite med å skape dei største sjansane. Dei hadde ballen i mål ein gong, men kampens gode dommar annulerte dette målet korrekt for angrep på keeper. Omgangen ebba ut med ein god 1-0 ledelse.

I pausen snakka Simmen om at me måtte fortsetta å spela ball og at nøkkelen låg i å halde ballen på bakken, då me stort sett tapte alle høge ballar til fysisk sterke karar frå Forsand.

Det var ein positiv gjeng som entra banen for å vinne denne kampen. I ettertid kan ein seie at dette er ein av dei beste omgangane underteikna kan hugse frå dei to siste sesongane . Taklingane sat perfekt, me vant dei fleste andreballane og ikkje minst me skora eit mål til. Vår unge midtbane jobba og sleit heile kampen medan forsvaret styrte skuta med god organisering og trøkk bakfrå. Me blei vitne til ein del frustrasjon blant motstandarane våre klarte å utnytte dette til positivitet blant oss i gult og svart. Me skapte kanskje ikkje så ekstremt med sjansar denne omgangen heller, men dei me skapte var me farlege på. Det avgjerande målet kom i det 70 speleminutt. Ein for dagen strålande Jone leverte ein pasning i hovudhøgde til spissen vår Espen. Guten frå Jelsa gjorde ingen feil og stussa ballen i nettet og til ei forløysande 2-0 leiing. Resten av omgangen jaga Forsand på for reduseringa si og var litt skumle på dødbllane sine. Men gutane frå Suldal makta å ri av presset og kunne gå av banen med ein fortjent 2-0 siger i lommen.

Kva kan ein sei for å oppsummera denne kampen? Jo. Speleglede, pågangsmot og positivitet er tre av nøkkelorda eg vil ta med som essensen i denne kampen. Ein kanonkamp av samtlege gullgutar denne dagen og trenar Simmen stråla som ei sol i regnværet. Det toppa seg i garderoben då Jone skulle stave Suldal under sigersropet i garderoben. Det sigersbrølet må vel og meirsmak?? Mandag 20 mai skal me spele bortekamp mot POL i Stavanger. Der spelar det to suldalsgutar i form av Øystein Vaage og Sindre M Steine. Det skal bli eit kjekt gjensyn med desse to karane.

 

Mål/assist: sjølmål/Erik, Espen/Jone

 

Laget: Erik W Vold, Christer Hansen, Tor Olav Berge, Odd Åsgeir Lunde, Nils Arne Moe, Svein Egil T Holmestad, Jone Utbjo, Tim Sparchholz, Lars Lavalette, Ingve Berge og Espen Josdal

Benken: Mikkel Wiegestrand, Jørn Våge og Andreas Groven (alle fekk speletid)