Småsurt ver under oppvarminga til kampen mot Falkeid

Småsurt ver under oppvarminga til kampen mot Falkeid

Det er ikkje bare i tippeligaen det er eit tett kampprogram i mai. Også G13-spelarane har aktive dagar med 11-erkampar, Suldalsserie og friidrett. I skuletida tysdag var kunstgraset bytta ut med tartandekket på Eide i Tine-stafetten, og det var mange harde løpsduellar mot medspelarar på G13-laget. Somme kjende nok kampen mot Falkeid måndag kveld i beina på oppløpssida. Det var ein kamp der Suldal hang godt med, og sjølv om det vart tap viste laget god fotball med mange fine kombinasjonar.

Men kampen starta noko tamt. Det tok litt for lang tid å kome i gang. Ein del fint spel, men litt for puslete i duellane. Suldalsgutane er kanskje litt for godt oppdratt, for dei var vel høflege mot motstandarane. Meir trøkk og initiativ vart høglydt etterlyst frå trenarbenken!

Etter knappe 25 minutt tek Falkeid leiinga. Suldal mister ballen på midtbanen, Falkeid spelar ballen i bakrommet, og den raske spissen deira skorer åleine med keeper. Suldal har og sine sjansar, men dette er dagen då Suldal sine vanlegvis så målfarlege spissar ikkje er heilt heldige i dei avgjerande situasjonane. Mål vert det likevel like før pause då midtbanespelar Eirik knallar inn utlikninga.

IMG_4083

Kampstrategien vert presentert: Trenar Morten ønsker seg taktikk-tavle!

I pausen får spelarane skryt for godt spel, men ønsket frå trenaren handlar om større innsats, vilje til å ta hovudduellar – kort sagt: bli litt tøffare.

Likevel tek det ikkje lang tid før Falkeid får lov til å ta leiinga på ny. Suldal mister ballen for enkelt i midtbaneleddet, forsvaret kjem på etterskot og Falkeid utnyttar at dei har raske angriparar. Men Suldal har gjennom fleire angrep vist at dei har noko på gang. Og etter 10 minutt av andre omgang vert det rulla fint opp på venstresida. Jørgen og Pelle kombinerer fint, Pelle forserer langs sidelinja og får lagt eit presist innlegg til Håvard som skorer sikkert. Nydeleg fotball! Etter dette har Suldal fleire sjansar til å gå opp i leiinga, men som tidlegare nemnt: Dette var ikkje rette dagen for spissane. I staden fortset Falkeid med det dei er gode på: Vinne ballen gjennom duellar på midtbanen, spele ballen i bakrommet, og satse på at raske spissar ordnar resten. Dette lukkast dei med 2 gonger til før dommaren bles av kampen.

Dagens målskorarar: Eirik og Håvard

Dagens målskorarar: Eirik og Håvard

Dermed vart det eit litt surt tap. For denne kampen kunne Suldal vunne med litt meir vilje i duellane og større effektivitet framfor mål. Men når det er sagt så viser spelet Suldal presterer at laget har eit stort potensiale, og utviklinga går i rett retning!

Neste kamp er heime i borte mot Stegaberg mandag 27. mai.

Mål

0-1       23 min            Falkeid

1-1       35 min             Eirik S. Halgunset

1-2       41 min             Falkeid

2-2       46 min            Håvard Fattnes

2-3       49 min            Falkeid

2-4       57 min             Falkeid

Lag: Marius Søraas, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Aslak Fisketjøn, Jørgen Lund, Kentaro Indo, Eirik Halgunset, Daniel Espe, Håvard Fattnes, André Vatland, Jostein Hindenes

Innbyttarar: Radas Teklay , Pelle Tijhuis, Bjørnar B. Steine, Ådne Kolstø, Robin Straabø