Etter nokre flotte og solrike dagar i Rogaland våkna me opp til ein litt regntung og overskya dag denne mandagen, 20 mai.
For oss var det likevel med eit smil at me reiste til Stavanger denne dagen for å møte POL på Stemmen kunstgrasbane. Suldal er som regel gode i lett regnvær, så undertegna må innrømma at eg trudde på eit positivt resultat for oss.
Til kampen hadde me klart å stabla ein solid tropp og heile seksten spelerar vart ført opp på dommarkortet. Me har tidlegare erfart at me likevel treng dei spelerane me har til rådighet grunna skader og liknande. Ein som likevel ikkje var med til Stavanger var lagleiar Geir Sigmund Bratland, så til denne kampen hadde me hyra inn gamletrenaren vår, Jon Bråtveit til å styre laget frå sidelinja.
Før kampen snakka om at me måtte spela vårt spel og halda ballen i laget slik som i sist kamp der me slo Forsand i Prestavikjo. For me veit at me kan føra kampar på vårt beste og viss alle tek i eit tak og yt maksimalt. Dette var også på agendaen når dagens kaptein Odd Å Lunde tok den aller siste inspirasjonssamtalen før dommaren skulle blåse i gong kampen.
POL er eit nyopprykka lag som me har fleire gonger og har eit godt forhold til, men det var likevel mange nye ansikt i startoppstillinga til gutane frå Stemmen til denne kampen. Ein kunne raskt sjo at denne kampen ville dei vinne med hardt press og overgangar. Dei skulle også få resultat ut av denne jobbinga si. Både 1-0 og 2-0 stod det på resultattavla før det var gått 20 min. Det som ofte har vore ein negativ trend for oss er at me har rakna fullstendig etter ei slik opning, men dei siste 25 minutta av omgangen var det me som kjørte kampen og til tider kjørte over eit POL lag som begynte å slita. Etter 30 min tok Bjørn M Steine ansvar og tok eit bra dribleraid på tvers av 16 meteren til POL og klarte å kome seg rett innanfor boksen før han vart felt av ein litt på grensa aggressiv midtstoppar i blå drakt. Soleklar staffe som Jone Utbjo sette sikkert i mål og ei fortjent redusering var eit faktum. Me fortsette å kjøre kampen inn mot pausen og produserte mykje bra spel som førte til ein del bra sjansar.
I pausen var me naturlig nok positive etter den bra sistedelen av første omgang og me ville ta tak i dette og heve oss enda eit par hakk for å kunne ta med oss poeng frå denne kampen.
I staden for å gjere slik me hadde gjort og i tillegg heva oss eit par hakk, så presterte me å gjera det motsatte i andre omgang. Feilpasningane florerte og arbeidsmoralen dalte i takt med prestasjonane me utførte utpå der. Ikkje ein spelar i gult og svart presterte på det nivået me gjorde i første omgang. Slike feil og fall i oppbyggande spel straffar seg alltid og det skjedde også i denne kampen. Ikkje mindre enn tre mål skulle me sleppa inn før dommaren bles av kampen. Det er ikkje så mykje meir å skriva om denne omgangen eigentleg.
Oppsummeringsvis bør me ta med oss den gode sistedelen av første omgang og ta oss sjølve i nakkaskinnet og innsjå prestasjonane i andre omgang. For eit så stort prestasjonsfall kan me ikkje vera kjende med i Suldal. Ein kamp varer i 90 minutt. Då nyttar det ikkje å vera påskrudd i kun 25 minutt av kampen. Men me prøver oss igjen til neste helg. Då kjem Sandved til Suldal med den tidlegare Vikingspelaren, Øyvind Svenning som hærførar . Til denne kampen bør me forventa bedre av oss sjølve og at me faktisk klarer å vera så gode som me kan vera. Kampen byrjar kl 14.30 i Prestavikjo.
Mål: Jone Utbjo
Laget: Ingve Berge, Lars Lavalette, Tor Olav Berge, Odd Åsgeir Lunde, Christer Hansen, Jone Utbjo, Bjørn M Steine, Sigvart Vårvik, Svein Egil T Holmestad, Hallvard Erfjord, Espen Josdal
Benken: Ørjan Underbakke, Sigurd Slåtto, Jørn Vaage, Tore M Steine, Inge Lunde (alle fekk speletid)