Årets første bortesiger kom måndag kveld mot Stegaberg. Etter ein jamnspelt første omgang, var Suldal klart best etter pausen. Stillinga var 2-2 fram til Suldal fekk straffe då det gjenstod 4 minutt. Kaptein Mads var sikker frå 11-meteren, og sørga for god stemning i minibussen på veg heim.
Etter ein litt slapp start på kampen der både Suldal og Stegaberg sleit med pasningskvaliteten,og ikkje kom til dei store målsjansane, tok Suldasgutane sakte men sikkert initiativet. Etter eit kvarter fekk Suldal frispark på vel 20 meter. Skotet frå Mads var så hardt at keeper måtte gi retur. Suldalsspelarane var aggressive i feltet og Stegaberg fekk ikkje klarert. Til slutt var det André som klarte å plassere ballen i mål via ein forsvarsspelar, og det stod 1-0 til Suldal.
Det tek likevel ikkje lang tid før Stegaberg er tilbake i kampen. Suldal mister ballen på midten etter eit utspel, og ein Stegabergspelar får avansere mot mål og plassere ballen utanfor keeper Espen si rekkevidde, utan at nokon av Suldalsspelarane set inn takling. 1-1. Fram mot pausen er det Suldal som er det førande laget. Fleire fine angrep vert produsert, og Håvard er bare cm frå å setje ballen i mål då han kjem åleine med keeper.
I pausen har derfor ikkje trenaren så mykje han vil rette på. Det vert fokusert på å halde trykket og aggresiviteten oppe, og at alle må jobbe hardt for å gjenvinne om me mister ballen. Virkninga av pausepraten varer i nøyaktig 45 sek. Då står heile Suldal og ser på medan Stegaberg riv til seg ballen på midten, får spasere gjennom på venstresida og avslutte med eit skot til side for keeper. 2-1 til heimelaget. Det heiter seg at dei fleste mål kjem som resultat av feil. Feila som vart begått i førekant av begge baklengsmåla i denne kampen, bestod seg i manglande vilje til å gå i duellar og setje inn ei takling. Me er for snille!
Då var det godt å sjå at resten av kampen var det Suldal som både ville mest og orka mest. Forsvaret haldt Stegabergspelarane på god avstand, Kentaro og Eirik vann etter kvart det meste av duellar på midten, kantspelarane sprang det dei var gode for, og det var bare eit tidsspørsmål før spissane skulle finne vegen til mål igjen. Vel 10 minutt før slutt kom Håvard på eit flott raid på venstresida. Forsvaret til heimelaget hang ikkje med, innlegget var perfekt slik at det vart ein enkel jobb for André å setje inn utlikninga.
Suldalsgutane fortsette å kjøre på og viste fleire gonger angrepsspel på høgt nivå. Ballen small i stolpen bak Stegaberg-keeperen. Til slutt makta ikkje heimelaget å stå i mot lenger: Jostein vart felt inne i 16-metersfeltet og dommaren peika på straffemerket. Med 2-2 og fire minutt igjen av kampen var nok både spelarar og tilkodarar litt klamme i handflatane då straffen skulle tas. Men kaptein Mads var kald som ein fisk, tok ansvar og plasserte ballen i mål nede ved stolperota. Og bare for å demonstrere at i denne kampen var Suldal det beste laget, avslutta lageti med nok eit flott angrep på venstrsida. 4-2 til Suldal på overtid.
Ein flott gjennomført kamp der alle bidrog til eit godt resultat!
Neste kamp i kretsserien er mot Sveio 2 måndag 3 juni. Den vert truleg spelt i Erfjord.
Mål
0-1 15 min André
1-1 23 min Stegaberg
2-1 36 min Stegaberg
2-2 59 min André
2-3 66 min Mads
2-4 70 min André
Lag: Espen Jelsa, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Aslak Fisketjøn, Jørgen Lund, Kentaro Indo, Eirik Halgunset, Daniel Espe, Håvard Fattnes, André Vatland, Jostein Hindenes
Innbyttarar: Håvard Fattnes, Pelle Tijhuis, Jone Odden