Den begynte som fleire av kampane våre denne sesongen og slutta som dei fleste kampane våre denne sesongen, kampen mot Sandved i Prestavikjo, laurdag 25 mai.

I garderoben før kamp snakka me om å spela ballen på bakken og bevega oss i rom som gi oss overtal framover. Me vart enige om at ballen skulle gjera jobben og god bevegelse og trøkk i taklingane ville vera avgjerande.

Ein kan seie at dette fungerte til tider i første omgangen, ein omgang der me styrte banespelet utan å klare å setje ballen i mål på sjansane våre. I staden var det sandved som skulle få to mål før me fekk vårt eine for dagen. Det eine me fekk var likevel årets mål i Prestavikjo. Lars, som hadde ein god omgang på venstre kant fyrte av eit skot frå vel 20 meter som smalt rett i tverrliggaren og i mål bak ein forfjamsa sandvedkeeper. Dette var også den einaste gongen me skulle få ballen bak deira stødige og gode keeper denne kampen. Sjøl om me gjekk til pause med eit noko negativt resultat, var me likevel positive til den andre omgangen. Me hadde banespelet, me hadde gutsen og me såg friske og spreke ut i pausen. Geir Sigmund mana troppen til vidare innsats og me fekk inntatt rikeleg med væske.

Hadde me kun spelt ein omgang i fotball, så kunne me vore nøgd med denne kampen. Men i fotball spelast det to omgangar og då bør me kunne klare å halde ut gjennom heile kampen. Nok ein gong fekk me ein elendig andre omgang der me slutta å spela fotball slik me kan. Sandved fekk også eit heilt rett raut kort etter ei stygg takling på Christer Hansen, men dette såg ikkje ut til å tenna andre enn karane med kvite draktar frå Sandved.

Elendig pasningsspel, dårleg kommunikasjon og ein taklingsvilje som ikkje er ein fotballspelar værdig. Sandved utnytta våre feil til fulle og skora tre mål med ein mann mindre på banen. Korleis måla kom huskar ikkje undertegna heilt, men når kampen var ferdig var det eit slagent suldalslag som tusla av banen.

Mancheter United sin legendariske trenar Sir Alex Ferguson var kjendt for sine hårfønerar dersom spelerane hans ikkje gjorde jobben sin på banen. Denne hårfønaren fekk me av vår trenar denne dagen. Og med rette. Det må vera bittert og frustrerande å vera trenar og lagleiar dersom dette skal fortsette og eg tok hvertfall til meg det som vart sagt. Det håpar eg at alle med gul og svart drakt på seg gjorde .

Kort oppsummert kan ein seie: Bra første omgang, flott suldalsmål, elendig andre omgang og takk for kampen til Sandved og kampens dommar.

Mål: Lars Lavalette

Gule kort: Andreas Groven

Laget: Ingve Berge, Tor Olav Berge, Christer Hansen, Odd Å Lunde, Sigvart Vårvik, Jone Utbjo, Tore B Søraas, Lars Lavalette, Jørn Vaage, Hallvard Erfjord, Tim Sparchholz

Benken: Ørjan Underbakke, Geir Bjarte Hoftun, Svein Egil T Holmestad og Andreas Groven (alle fekk speletid)