To mål av Gunnar mot Sveio

To mål av Gunnar mot Sveio

Suldalsgutane tok ein ny sterk siger i heimekampen mot Sveio måndag.  Sol, grøn grasbane og godt spel av heimelaget gjorde at det vart “ein fin kveld for fotball” på Erfjord stadion. Kampen vart avgjort i første omgang då Suldal leverte årsbeste!Sveio yppa seg med eit langskot som small i tverrliggaren og ned på streken allereie etter 1 minutt. Men når det var bortelaget sin einaste sjanse før pause, seier det noko om kven som dominerte kampen i første omgang. Suldalsspelarane hadde ro med ballen, fann kvarandre med pasningane, og var gode i gjenvinningsfasen etter balltap. Heila laget deltok både i angrep og forsvar, og mange angrep vart starta bak i forsvarsfiraren. Midtbanespelarane var flinke til å få med seg kantane, slik at heile banebreidda vart tatt i bruk. Dei to første måla kom som resultat av dette spelet. Først plasserte Gunnar ballen sikkert i mål etter innlegg frå venstresida. Like etter var same gut tilretteleggjar for André som sette inn 2-0.

I førre kamp vart duellstyrke og vilje til å trø til etterlyst. 3-0 –målet viste svar på tiltale: Sveio sleit med å klarere ballen i eige felt  etter eit angrep. Suldalsspelarane la ikkje noko mellom og vann fleire duellar før ballen havna hos midstoppar Kentaro. Han nølte ikkje eit sekund før han frå 16-metersstreken knalla ballen i nota bak ein forfjamsa Svei-keeper. Her var det mykje vilje!

Gunnar fekk gleda av å setje inn Suldal sitt fjerde mål etter pasning frå Eirik. Ein strålande gjennomført omgang!

Andre omgang baud ikkje på same underhaldningsverdien. Både pasningskvalitet og kreativitet seig eit par hakk, dermed vart det lettare for Sveio å forsvare seg. Av ein eller annan grunn skulle ballen trykkast inn i midten i kvart angrep! Eit heiderleg unntak stod høgrekant Aslak for: Han sette fart framover langs sidelinja, skar inn mot mål og plasserte ballen i nærmaste hjørne heilt nede ved stolperota. 5-0. Sveio avslutta kampen som dei starta;- med eit fint angrep. Og denne gongen fekk dei også ballen over streken Suldal hang ikkje med, og etter flott spel sette dei inn ei redusering og fastsette sluttresultatet til 5-1. Dermed ligg Suldal på 2. plass i si pulje. Tabell og resultat for våresesongen finn du her

Siste kamp før ferien er borte mot Haugar måndag 10 juni.

Mål

1-0       12 min             Gunnar Skålheim

2-0       15 min             André Vatland

3-0       23 min             Kentaro Indo

4-0       29 min             André Vatland

5-0       62 min             Aslak Fisketjøn

5-1       69 min             Sveio 2

 

Lag: Marius Søraas, Mads van Ruiven,  Kentaro Indo, Jone Odden, Pelle Tijhuis, Radas Teklay, Eirik Sandvik Halgunset, Daniel Espe, Håvard Fattnes, Gunnar Skålheim, André Vatland

Innbyttarar: Ådne Kolstø , Aslak Fisketjøn, Bjørnar Steine, Robin Straabø