Akra

Gutelaget vårt hadde alt å bevise i bortekampen mot Åkra denne torsdagen.

Dei har vist denne sesongen at dei er på høgde med dei andre laga i divisjonen, men at det som har mangla var den ekstra trøkken i det deffensive spelet i tillegg til ein del personlige feil.
Med til Åkra var også Tor Olav, som vikarierte som lagleiar og bussjåfør Vidar Steine.

I garderoben før kampen så snakka me om å halde ballen på bakken, spele ball og gode bevegelsar i rom. Lagleiar snakka også om det ekstra trøkket i taklingane og god kommunikasjon mellom spelerane og lagdelane.

I første omgang skapte begge lag ein del gode sjansar utan at det vart uttelling. Nærast var nok eit frispark frå Sander Deilkås som smalt i stanga. I andre enden hadde også keeper, Oddbjørn Lund nokre superredningar. Det mest positive med denne omgangen var likevel lagspelet og moralen gutane viste. Dei hadde tydeligvis respondert positivt på garderobepraten.
I pausen snakka me om å fortsetta med vårt spel i tillegg til å jobba steinhardt for kvarandre.
Det var i andre omgangen me skulle få sjå måla i denne kampen. Dei som klarte å sette ballen i målet først var heimelaget. På eit frispark raga spissen deiras høgast og sette ballen kontant i mål. Dette målet kunne ha ødelagt moralen hjå gutane frå Suldal, men i plassen for å knekka saman kom gutane seg opp endå eit nivå. Då det gjenstod 30 minutt av kampen fekk me eit frispark frå 25 meter. Ballen vart svinga perfekt på bakre stolpe. Der stod Peterson og sette ballen kontant i mål bak keeperen frå Åkra. Dette var ei viktig scoring på eit gunstig tidspunkt for oss. Gutane tok vidare tak i kampen og hadde mykje bra spel. Når det gjenstod 20 minutt av kampen tok Lars Lavalette med seg ballen oppover sentralt i banen. Han spelte den vidare gjennom til Tom Wærnes. Ungguten frå Osen gjorde ingen feil, og plasserte ballen fint til side for keeper og i nettmaskene. Ei flott scoring og ei nydelig leiing var eit faktum.
Resten av kampen pressa Åkra på for utligning, men eit godt deffensivt lag frå Suldal kjempa på kvar ein ball og takla så det lukta svidd. Då dommaren bles av kampen var det me som kunne juble for tre poeng og ein flott 2-1 seier over Åkra.
Konklusjonen etter kampen er at ein kjem langt med god struktur, kommunikasjon og hard jobbing i fotballen. Me må jobba på kvar ball og spele vårt spel i 2 omgangar. Etter underteikna si meining var denne seieren fortjent og me må ta med oss dette spelet til neste kamp.

Mål/assist: Peterson/Sander og Tom/Lars

Laget: Oddbjørn Lund, Oddvar Skålheim, Mikkel Wiegestrand, Pål Erik Landsnes, Mateusz Kolanowski, Gjøran Torin Våge, Lars Lavalette, Sander Deilkås, Tim Sparchholz, Torjus Steine, Peterson Tijhuis
Benken: Isak B Espe, Tom Wærnes, Daniel Gjerde (alle fekk speletid)