Det vart ei laber avslutning på ein elles fin vårsesong for Suldal sitt G13-lag. I ein spelemessig svak kamp var det Haugar som trekte det lengste strået med ei avgjerande skoring like før slutt. Spelarar som i førre kamp bobla over av innsats, var denne gongen daffe og slappe. Å tape like før slutt er aldri kjekt, men det svir ekstra å vete at denne kampen hadde me vunne om me hadde vore meir på hogget! Men Suldalsgutane kjem til å reise seg igjen. No vert det eit par veker med trening på gras, og deretter opplading til sommarens høgdepunkt, Dana-cup i juli.
Kampen starta med mykje klabb og babb: Pasningsfeil, svake mottak og taklingsvegring hos begge lag oppsummerer førsteomgangen. Likevel var det Suldal som hadde eit visst spelemessig overtak, og det var ikkje ufortent at Suldal tok leiinga etter at Håvard skrudde ein korner direkte i mål. Midtvegs i omgangen set Daniel ballen i stonga, medan Kentaro åleine med keeper plasserer ballen like utanfor. Haugar har ingenting å kome med og Suldal gjekk til pause med ei 1-0 –leiing sjølv om spelet er lite å ropa hurra for.
I andre omgang er det framleis noko tiltakslaust over suldalsgutane. Det var vanskeleg å sjå at å spele fotballkampar er noko av det kjekkaste dei veit. I staden for å trø til og avgjere kampen vert det noko puslete over både pasningar, taklingar og avslutningar. Likevel er Suldal bare nok eit stolpetreff frå å gå opp i tomålsleiing. I staden er det Haugar som sakte med sikkert forstår at denne kampen er det muleg å vinne. Med to kjappe mål midtvegs i omgangen snur dei kampen. Suldal slit med å kvittere. I staden for å brette ut spelet og komme til innlegg frå kantane, vert alt spel pressa inn i midten der Haugar renser unna det meste. Like før slutt lukkast det likevel å få gjennom ein stikkar til André. Åleine med keeper gjer han det enkelt og utliknar til 2-2.
Men dette er likevel på ingen måte Suldal sin kveld! På sin siste korner klarer Haugar å krangle ballen i mål. 3-2 og til ellevill jubel hos heimelaget
Spelarane får trøste seg med at dei gjorde ein flott innsats under Ryfylkedagane. Suldalgutane og foreldre hadde ansvar for parkering og grilling. Alle tok oppgåvene sine alvorleg og bidrog til at laga sit att med eit solid overskot. Takk til både foreldre og spelarar som deltok!
Mål
0-1 8 min Håvard
1-1 45 min Haugar 2
2-1 50 min Haugar 2
2-2 56 min André
3-2 58 min Haugar 2
Lag: Marius Søraas, Mads van Ruiven, Knut Nærheim, Aslak Fisketjøn , Jørgen Lund, Kentaro Indo, Rodas Teklay, Eirik S. Halgunset, Daniel Espe, Håvard Fattnes, Jostein Hindenes
Innbyttarar: Espen Jelsa, Ådne Kolstø, Levar Sand, André Vatland