Det var duka for ein ny heimakamp i Prestavikjo på laurdag, og på motsett banehalvdel stod topplaget Øvre Steinar.
Suldal mangla fleire sentrale spelarar til denne kampen. Mellom anna var det eit gledeleg gjensyn med den tidlegare stopparkjempa frå Jelsa, Tor Arne Sigstad, i den gul-svarte suldalstrøya. Eit comeback han kom godt i frå.
I dei fleste kampane denne sesongen har Suldal prestert godt i førsteomgangen, for så å falde nedpå i andreomgangen. I denne kampen var der ei tenning og innstilling allereie frå start som for publikum gjorde det til sesongens mest underhaldande kamp i Prestavikjo så langt. Susande taklingar, stor innsats frå heile gjengen, kontrollert aggresjon og gode målsjansar til begge lag prega kampen. Kollektivt fungerte laget bra med gode sideforflyttingar, samla press og gode avstandar mellom lagdelane. Store delar av kampen var Suldal på høgde med topplaget.
Det var ikkje ufortent at laga følgde kvarande utover heile kampen. Ein målfarleg Hallvard Erfjord på topp sørga for Suldal sine to scoringar, og i motsatt ende spelte målvakta Ingve Berge ein kjempekamp og hindra fleire scoringar for gjestene med ein serie strålande redningar. Det stod 2-2 til det var berre nokre minutt att av klampen, då Øvre Steinar avgjorde ein jamn og spanande kamp som ber bod om ein lovande haustsesong for Suldal.
Referent: Erik Walter Vold
Fakta:
Mål:
Hallvard Erfjord
Hallvard Erfjord
Gult kort:
Christer Hansen
Lag:
Ingve Berge – Christer Hansen, Sigvart Vårvik, Tor Arne Sigstad, Nils Arne Moe, Lars Lavalette, Ørjan Underbakke, Jone Utbjoa, Bjørn M. Steine – Øyvind Gjuvsland, Hallvard Erfjord