Vardeneset

Dette var siste heimakamp for A-laget før ferien og på motsatt banehalvdel stod ingen ringare enn et høgtflygande lag frå Vardeneset.

Motstandarane våre i dag kjempar heilt i toppen av pulja vår og me kunne lite gjera for å hindra dei i fortsatt kjemping om opprykk til 4 divisjon.

Underteikna var å lufta seg i Bremen, Tyskland sist helg, men har fått rapportert god innsats og bra lagmoral mot Øvre Steinar. Derfor prøvde trenar Geir Sigmund same oppskrifta som sist og la opp til ein 4-4-2 formasjon. Forsvaret sist hadde fungert svært bra og ein bør aldri forandra på noko som fungerer. Famover hadde forfall gjort at nokre forandringar vart gjort.
Vardeneset er eit av dei mest veldrevne fotballklubbane i fylket og har tre seniorlag i toppen i kvar sin divisjon. Dei har eit fntastisk bra A-lag i 3 divisjon som kjempar om opprykk der. Desse som då sit på benken på A-laget får då sjanse på 2 er laget i 5 div.

Til dagens kamp mot Suldal hadde dei med seg heile fem spelerar frå bruttotroppen som slo Vaulen i 3 divisjon. Desse spelerane ville det visa seg at gjorde ein stor forskjell på denne kampen.

Me skulle gå ut me aggressivitet og god bevegelse for å skapa trøkk og overtal. Dette var hvertfall det Simmen hadde tenkt ut på kontoret sitt nedi Hadli. Det er ofte forskjell på gode tanker og utføring av dette når det gjeld fotball, hvertfall i Suldal. Når kampens dommar bles i gong kampen kom me kjapt på hælane og det var bare eit tidsspørsmål før dei med raude og kvite draktar skulle komme til den store sjansen. Det tok likevel rundt 20 minutt før det første målet kom. Suldalsgutane klarte ikkje å takla motspelerane sine og dei fekk gå heilt inn på 5 meter og sette ballen i mål bak målvakt Ingve Berge. Dei siste 25 minutt var det til tider lekestue på Prestavikjo stadion. Vardeneset dribla og sprang medan laget i gult og svart vart springande i mellom. Då dommaren bles for pause hadde Ingve måtte plukka to ballar til ut av nettet, men ingen kunne seie noko på at Suldal låg under 3-0 til pause.

I pausen snakka me om å tørra å spela vårt spel og ikkje minst trø til i taklingane. Dette er ei oppskrift som har fungert til tider godt for oss, men dette hadde me heilt gløymt ut i kampens første omgang.

I andre omgang kom me betre med og klarte å skapa eit par gode sjansar. Me fekk også eit par dødballar som kunne blitt farlege. Likevel set ein med eit inntrykk av at Vardeneset hadde god kontroll på kampen. Dei skulle få eit fjerde mål før me makta å setta ballen i målet deiras. Lars Lavalette, som hadde ein god kamp var den som sette inn suldalsmålet med vel 5 minutt igjen av kampen. Eit mål til skulle det kome før dommaren bles av kampen, også dette målet var det Vardeneset som fekk.

Alt i alt ein velfortjent seier til eit bra vardenesetlag, men me viser nok ein gong at me må spela på vårt beste for å få med oss poeng i denne divisjonen. Fell me eit hakk og to ned, så blir me nokre nummer for små for desse topplaga.
Neste helg reiser me til Tasta og skal kjempa om poenga der. Me har også eit 2-8 tap frå tidlegare i vår å revansjera.

Mål: Lars Lavalette
Gule kort: Ørjan Underbakke

Laget: Ingve Berge, Christer Hansen, Sigvart Vårvik, Tor Arne Sigstad, Nils Arne Moe, Jone Utbjo, Ørjan Underbakke, Andreas Groven,Lars Lavalette, Mikkel Wiegestrand og Hallvard Erfjord.

Rutinert benk denne gongen: Tor Olav Berge, Odd Åsgeir Lunde, Geir Sigmund Bratland og Svein Egil Holmestad (alle utenom Simmen fekk speletid)