vidar
Det var ein god gjeng som reiste til Stavanger for å spele første kampen denne haustsesongen. Heile seksten karar møtte opp i garderoben på Lassa, klare for å møte rekruttane til fotballklubben Vidar.

At dette var rekruttane til det nest beste laget i Stavanger var det ingen tvil om.

Det skulle vise seg etter kampen at me hadde vore vitner til ein fotballeksjon der gode løp og trekantspel var hovudingrediensen.
Planen før kamp var slik an alltid er med senka skuldre, gode løp og halda ballen på bakken. Me var mykje folk til denne kampen, så her skulle det springast til me måtte bærast av banen. Stemninga i garderoben var lett og undertikna trur at alle i gult og svart var klar for ein ny kamp etter ein poengfattig vårsesong.
Det skulle fort vise seg at me må vente ei veke til før mulighetene til å kjempe om tre poeng kan bli ein realitet, for mot Vidar 2 hadde me ikkje ein einaste mulighet til å få poeng. Allereie etter tjue sekund låg ballen i nota bak dagens keeper, Inge Lunde. Ein kan vel seie at denne første omgangen er den der Suldal sine beste menn har sprunge mest i mellom uten å få lov til å vera med på leiken. For å oppsummere den første omgangen kan ein bruke tre tre nøkkelord for å beskrive kor Vidar 2 var mykje betre enn Suldal. Posisjonering, tempo og pasningar. Når dommaren endeleg bles til pause hadde me prestert å sleppe inn sju ballar medan me sjølve knapt hadde produsert nokre farlegheiter.
I pausen var me einige om at me måtte trøkka til mykje meir i tillegg til å prøva å spele ball. Det vart og gjort eit par byter.
Ein kan seie at Vidar 2 i den andre omgangen også var det førande laget, men underteikna vil likevel seie at det var ein klar forbetring i trøkket og organiseringa hjå dei gulsvarte. Me viste at me på tross av mange baklengs, ville prøve å gjere det betre enn kampens første omgang. Mål den galne vegen kom det også denne omgangen, men me følte nok at me hadde heva oss litt likevel. Då dommaren såg på klokka si og bles at nok var nok kunne me stadfeste at eit solid 11-0 tap var eit faktum.
For å oppsummere kampen så kan ein bekrefte at motstandarane våre denne kvelden i august er mykje for gode for femte divisjon. Dette er eit lag som høyrer til nokre divisjonar over oss. Me vel å ikkje henge med hovudet og gå på med krumma nakke til ny bortekamp mot Våganes, fredag den 23 august.

Gule kort: Tor Olav Berge

Laget: Inge Lunde, Nils Arne Moe, Tore Søraas, Sigvart Vårvik, Johannes Wiegestrand, Tommy H Espe, June Utbjoa, Bjørn M Steine, Lars Lavalette, Øyvind Gjuvsland, Hallvard Erfjord
Benken: Tor Olav Berge, Tim Sparchholz, Thomas Jelsa, Espen Josdal, Ørjan Underbakke (Alle fekk speletid)