havørn

Endeleg heimekamp igjen.Det tar på å reise langt for å spele fotball, men det skulle også vise seg å spele fotballkamp mot topplaget Havørn.

Gjengen som satt i garderoben til denne kampen var mykje av det same som har sluppet inn sytten mål på dei to siste kampane og frykten for eit nytt stortap var kanskje større enn håpet om ein siger. Det er ingen tvil om at Havørn er eit godt fotballag og dette vile dei vise suldalspublikummet i Prestavikjo denne laurdagen i august.

Som vi ofte opplever vart også ein realitet i denne kampen. Vi sleit med å finne rollene våre og tapte alle dei viktige andreballsduellane. Ein straffe og eit godt angrep frå Havørn resulterte i ei 2-0 leiing allereie før tjue minutt var spelt. Underteikna som har spelt ein del kampar for Suldal og kjenner spelerane godt var likevel ikkje overraska då det viste seg at denne tøffe starten ikkje ville knekke oss. Dei siste tjuefem minutta av den første omgangen kom me mykje meir med og byrja å vinne duellane me tapte tidligare i kampen. Me fant rollene våre og begynte å spela fotbal, ganske bra fortball også. Det skal vi virkelig ha honnør for. Den gode avslutninga på omgangen gjorde at det var ein positiv gjeng med suldalskarar som kunne gå til pause trass i at me låg under med to mål.

I pausen bestemde me likevel å forandre litt på det taktiske. Me skulle presse Havørn høgare og stenge muligheten for utspel via backane. Dette fungerte godt i tjue minutt, men det tok på for spelerane våre. Det er tungt å springe så mykje og duellane me gjekk i førde til fleire skader på forsvarsspelerane våre. Småsmellar, men likevel nok til at me måtte gjer rokkeringar i forsvar. Både Nils Arne, Tommy og Thomas måtte ut med skade i løpet av dei siste tjefem minutta. Alle desse var i utgangspunktet i forsvarsfireren. Så mange byter og rokkeringar gjer at me vert sårbare i perioden rett etter at ein ny spelar er komen inn. Spelaren skal finne rolla si og i tillegg komme inn i kampen både fysisk og psykisk. Havørn var effektive i denne perioden og putta to mål på kort tid. Dette gjorde nok sitt til at mykje av lufta gjekk ut av suldalsballongen. Mykje rot og slitne spelerar førte til at dei gråbekledde gjestene våre klarte å score fire mål i andre omgang.

Eit nytt stygt tap på ein dag der me faktisk var gode i store periodar av kampen. Seks mål bak Erik W Vold og ein ny smultring bak suldalsnavnet er likevel trist lesing. Når me på torsdag reiser til Forsand for å spele årets viktigaste kamp, den kampen alle gledar seg til å spele, den kampen me SKAL vinne forventar me at me tek det positive med oss. Vi er gode når vi fungerer, vi er en fantastisk gjeng som kan vera vinnerar, me skal stå med ni poeng etter kampen mot dei blå frå Forsand.

Gule kort: Erik W Vold og Lars Lavalette

Laget: Erik W Vold, Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Thomas Brustveit, Tommy Espe, Jone Utbjoa, Bjørn M Steine, Lars Lavalette, Johannes Wiegestrand, Espen Josdal, Hallvard Erfjord
Benken: Ørjan Underbakke, Ingve Berge, Odd Åsgeir Lunde (alle med speletid)