Dette var kampen me skulle reise kjerringa, dette var kampen vi skulle vise at me kunn, dette var kampen der Suldal skulle banke Forsand på Skogbakken grasbane i Forsand kommune.
Lagleiar Geir Sigmund var også til denne kampen fraværende og det var nok ein gong Tor Olav som måtte ha taktikkpraten før kamp i tospann med Jørn Vaage.
Me ville gå ut i ein 4-5-1 formasjon der me skulle starte presset rundt midtstreken. Dette ville føre til at me skulle vera vanskelige å trengje gjennom og me håpa då at Forsand ville slå langt. Dette gjekk heilt etter planen i første omgang. Me vant alle andreballane og jobba godt som eit lag. Det er ikkje som å finne opp kruttet, men bare gjere som me vert enige om før kamp. Det høyrer med til sjeldenhetene at Suldal leiar ein kamp til pause denne sesongen, men denne kampen mot Forsand skulle visa seg at me også skulle gå til pause med leiing. Etter eit frekt frispart frå Jone, var Hallvard god då han mottok ballen. Han kjempa seg framfør motstandarforsvaret og smalt ballen i mål bak Forsand sin keeper. Som nevnt jobba me kanonbra denne omgangen og gjekk til pause med ei velfortjent 1-0 leiing.
I pausen stod Jørn for praten då han hadde sett omgangen frå sidelinja. Han var nøgd med spelet og bad oss om å fortsette det same gode trykket.
Som ofte bevist før, så har me ei god side, men me har også ei elendig side av spelet vårt. Ikkje veit eg, men det kan ikkje ha vore det same suldalslaget som entra bana til kampens siste omgang.

Der me vann duellar i første omgang, der tapte me nå. Me hang med hovudet og var absolutt ikkje med i kampen. Forsand har vist seg gode på dødballar og når me blir pressa så bakover som me vart i andre omgang, så blir det ein del dødballar i mot. Utligninga skulle også komme på ein av desse dødballane. Ei heading etter eit langt innkast smaug seg inn bak Erik Walter i det syttiende minutt.
Dette målet sette virkeleg fart i dei blå motstandarane våre og etter at Erik måtte redda eit tilbakespel med hendene, skulle Forsand få ein gylden mogelegheit til å gå opp i leiing. Eit strålande frispark der ballen fauk opp i vinkelen var det som skulle til for å vinne denne kampen til Forsand sin fordel. Heilt på tampen skulle det også komme eit tredje mål.

Ein skuffa suldalsgjeng gjekk i garderoben etter eit tap der me faktisk kun har oss sjølve å takke.
For å oppsummere kampen kan ein seie at me hadde ein toppomgang og ein botnomgang i denne kampen. Og når me konstant blir bortdømt av ein dommar, som etter alt og døme snart bør legga fløyta på hylla går dette dårleg nok ein gong. Me ligg nå sist i pulja vår, men har sjansen til å svare på dette tapet til helga. Laurdag 14 september vitjar nemleg POL oss for å kriga om ikkje mindre enn seks poeng. Først klokka 14.30 vert det A-lagskamp og klokka 17.00 halverer me banen og spelar 7 erkamp mot POL 2.

Gule kort: Jone Utbjoa

Mål/assist
Hallvard/Jone

Laget: Erik W, Sigvart, Tor Olav, Thomas, Thomas Jelsa, Steffen, Jone, Johannes, Ingve, Bjørn, Hallvard

Benken der begge fekk spele, Ørjan og Sigurd