Fornøgde Suldalsgutar går av banen etter siger over Haugar

Fornøgde Suldalsgutar går av banen etter siger over Haugar

Det vart storsiger til Suldal då Haugar kom til Prestavikjo på sjølvaste valgdagen. Heile laget sprudla og spelarane ga seg ikkje før 8 ballar låg i nettet bak Haugar-keeperen. At det var 8 ulike målskorarar, vitnar og om at dette var ein skikkeleg lagsiger.

Likevel var det Haugar som tok leiinga etter at Suldal hadde vore best det første kvarteret. Ein korner hamna hos ein Haugarspelar, som fekk plassere ballen i mål utan at nokon frå Suldal gjorde allverda for å hindre det. Dette var tydelegvis det som skulle til få Suldal skikkeleg i gong. Bare 5 minutt etter at dei hamna under, svara Suldal med same mynt: Knut feia ballen i mål etter ein korner. Det står 1-1 til det gjenstår 5 minutt av omgangen, men då seier heimelaget takk for seg. Rodas mottek ei presis pasning frå Kentaro, og plasserer ballen kontrollert i mål inne ved stolperota. Like etter får Suldal ei fin gjennvinning ved Kentaro. Han spelar fram Jostein. Åleine med keeper plasserer han ballen på innsida av stolpen. Men Kentaro har fullført løpet og set returen i mål. 3-1. Like før pause vert Daniel felt innanfor 16-meteren til Haugar. Straffen set han sjølv sikkert i mål.

Etter pause var det tydeleg at Suldal hadde mykje meir saft i beina enn gjestene frå Haugesund. Det eine fine angrepet etter det andre vart rulla opp. Laget var flinke til å komme rundt på kantane. Håvard vart fint spelt fri på venstrekanten av Rodas. Åleine med keeper gjorde han ingen feil. Like etter kom han på eit nytt raid. Innlegget var presist og vart breisida i mål på bakre stolpe av Eirik. Ådne sette inn mål nummer 7 før André fastsette sluttresultatet til 8-1!

Neste kamp er på Eide stadion på Sand søndag 15 sept kl 17.30

Mål

0-1       15 min             Haugar

1-1       21 min              Knut

2-1       30 min            Rodas

3-1       33 min            Kentaro

4-1       34 min             Daniel

5-1       37 min             Håvard

6-1       43 min             Eirik

7-1       67 min             Ådne

8-1       69 min             André

Lag: Marius Søraas, Knut Nærheim, Eirik S. Halgunset, Levar Sand, Jørgen Lund, Jone Odden, Kentaro Indo, Rodas Teklay, Daniel Espe, Håvard Fattnes, Jostein Hindenes

Innbyttarar: Robin Straabø, Ådne Kolstø, André Vatland, Bjørnar B Steine, Aslak Fisketjøn