Laget som i dag stod på andre banehalvdel var av den kjende sorten. I rekkene til POL kan ein finna suldalsguttane Sindre M Steine og Øystein Vaage.

Sjøl om me frå Osen veit at desse karane sit inne med mykje fotballmagi var dei allikevel funne for «lette» for startoppstillinga mot moderklubben sin.

Til denne kampen hadde me igjen store problem med faktisk å stille lag. Sjukdom, skade, karantene og mindre viktige prioriteringar må ta si skuld for dette. Likevel klarte me å stabla eit sterkt mannskap også denne gongen sjøl om aldersforskjell på eldste og yngstemann var på heile 41 år.

Tidlegare har me snakka om å ligge i formasjon å vera tolmodige, men bare med få unntak har me klart dette. I denne kampen kan underteikna med stolthet bekrefta at dette var første gong me gjorde som planlagt i heile 92 min. Når Suldal spelar slik fotball, så er me vanskelege å bryna seg på. Dette skulle POL få erfare denne kampen.

Me starta som me ofte gjer og posisjoneringane våre var litt av og på. Dette kan kanskje vera ein medverkande årsak til at dei blå som har sin heimebane på Stemmen, klarte å sette inn eit mål før kvarteret hadde gått. Likevel skulle det vise seg at dei gul/svarte gutane frå bygdå kunne reise seg. Eit godt slått frispark frå Sigvart og ein lur bevegelse frå Øyvind gjorde til at POL måtte ty til ulovlegheiter i eiga felt. Dommar for dagen, Ole Boine dømde korrekt straffe. Øyvind gjorde alle klisjear til skamme då han sjølv sette ballen i mål frå 11 meter. Omgongen bar preg av mykje kriging og duellar og ein må ha tjukke suldalsbriller på for å seie at POL ikkje hadde nokre feite målsjansar i denne perioden. Likevel synes eg me stod bra i alle ledd slik at POL etterkvart vart litt frustrerte.

Til pause stod det 1-1 og eit bra resultat for Suldal mot eit POL lag i seiersmarsj om dagen. Simmen var igjen med på linja slik at me fekk gode instruksjonar undervegs i kampen og i pausen. Han prata mest om alt det bra me hadde prestert i omgongen og oppmoda oss til å halde fram med same spelet.

Sist seriekamp mot Forsand vart me vitne til ein kollektiv kollaps i andre omgong der me gav Forsand seieren. I denne kampen stod me opp og kjempa som oksar etter at dommaren frå Finnmark bles igong den siste omgongen for dagen. Me jobba godt for kvarandre og pressa bygutane til å gjera mange feil. Jubelen var å ta og føle på når vår eminente venstrekant, Lars Lavalette sette inn dagens flottaste mål. Lars krumma nakken og «elga» seg oppover langs sida til han såg at keeperen deira kom ut og ville blokkera. I rein Solskjærstil skrudde ungguten ballen vakkert inn i mål. Dette målet må nok ha gjort vondt for POL for ein merka at frustrasjonen breidde seg i troppen deiras. Målet førte også til at det vart gjort eit eminent byte frå benken til POL. Inn kom Øystein Vaage på høgre back og opp som spiss kom ein kar, som skulle vise seg å være av den bevegelige sorten. Då 20 minutt gjenstod av kampen fekk den nevnte spissen alle sjansers mor då han på flott vis vart spelt gjennom aleine mot keeper Ingve Berge. Den nytitulerte fagmannen frå Hagane kom ut, men måtte likevel sjå at ingen feil vart gjort og at ballen trilla inn til utligninga 2-2. Likevel må ein seie at dette kunne vera eit resultat me kunne seie var til å leve med, men det syntes tydelegvis ikkje gutane frå Stavanger. Ein nydeleg crossar frå deira høgreside fann panna til eine angriparen i blått og POL hadde snudd kampen. Kampen ebba ut med siger til POL. Ein siger som kan seiast grei nok om ein tel opp sjansar og spel. Eg synes likevel at me kan vera stolte over kampen i dag. Dei som prioriterte rett og var friske nok til å spele viste heimepublikum at me faktisk ikkje er så aller verst når me gjer jobben vår slik me skal.

Vil ynskje POL lykke til med festen på Moe laksegard og håpar at me får spela mot desse kjekke karane fleire gonger. Kuriositeten for dagen var alderenforskjellen mellom dagens yngste og dagens eldste suldalsspelar. Svein Øystein (f.1956) måtte aksle den flotte drakten med suldalsemblemet på mot slutten av kampen. Han holdt «buret » reint uten å bli sett på dei store prøvane. Yngstemann var Mikkel Wiegestrand (f.97)

Neste fredag tek me turen og positiviteten frå denne kampen med oss til Sandved for å spele ball på deira etter rapportane strålande grasbane. Me satsar på tre poeng og nok ein opptur for laget me alle har eit spesiellt forhold til. Kom igjen Suldal!!

Gult kort: Lars Lavalette

Mål

Øyvind
Lars

Laget: Ingve, Christer, Tor Olav, Sigvart, Tommy, Jørn, Johannes, Hallvard, Mikkel, Lars, Øyvind

Benken der alle fekk speletid: Odd Åsgeir, Svein Øystein, Geir Sigmund