Suldalsgutar i aksjon mot Skjoldar. Legg merke til 2 suldalssupporterar på bortetribunen til venstre!

Suldalsgutar i aksjon mot Skjoldar. Legg merke til 2 suldalssupporterar på bortetribunen til venstre!

Etter 2 strålande heimekampar var det igjen Suldal sin tur til å gi seg landevegen i vold. Denne gongen rett nok bare ein svipptur til den nye kunstgrasbanen i Vats. Om turen ikkje var lang, skulle det likevel og denne gongen vise seg vanskeleg å få med seg poeng heim. Dette sjølv om suldalsgutene var tende frå avspark og kom godt i gang. Heller ikkje støtte frå eigne supporterar (2 stk!) kunne hindre tap.

Allereie etter dryge 10 minutt set André ballen i mål etter eit kast på venstresida. Ikkje lenge etter vart leiinga dobla då same guten krangla seg gjennom heile forsvaret til heimelaget. Tomålsleiinga skulle ikkje vare lenge: I staden for å fortsetje den gode trenden, inviterte gavmilde suldalsgutar Skjoldar inn i kampen igjen. I iveren etter nye mål vart heile laget, inkludert forsvarsfiraren, ståande for høgt. Heimelaget utnytta dette ved å slå eit presist framspel i bakrommet. Åleine med keeper fekk spissen tid og rom til å plassere ballen utanfor keeper Marius si rekkevidde medan «halve Suldal» kom halsande etter. Like etter gjentek historia seg: Ballen vert slått over eit vel offensivt suldalsforsvar, til

Trongt om plassen i innbyttarboksen i pausen då ei regnbyge la seg til rette over det trenaren meinte var Rogalands våtaste plass!

Trongt om plassen i innbyttarboksen i pausen då ei regnbyge la seg til rette over det trenaren meinte var Rogalands våtaste plass!

spissen, som me no ikkje er i tvil om ber namnet Ola, etter alle dei ivrige ropa frå heimelaget sin trenarduo. Ola frå Skjold gjer som han får beskjed om; spring frå forsvaret og plasserer ballen i mål. 2-2. Grep vert gjort frå trenarbenken til Suldal for å strame opp den defensive organiseringa til suldalsgutane: Midtstopparane får klar melding om ta ut meir dybde, backane må sørge for å halde seg på rett side av motstandaren dei skal passe på, og midtbane og spissar må auke intensiteten i arbeidet med å gjenvinne ballen. Akkurat i det ting er i ferd med å snu i rett retning får Suldal ein ny kalddusj: Ein korner vert skrudd rett i mål og det står 3-2 til heimelaget. Og før pause vert leiinga endatil auka til 4-2.Etter pausen er det meir fasong på Suldal. Skjoldar kjem knapt nok til ein sjanse. Men heller ikkje bortelaget er allverda giftige framfor mål. Med større effektivitet kunne nok Suldal fåttmed seg eit poeng heim, men med tanke på førsteomgangen er det ikkje ufortent at det er Skjoldar som dreg sigerenen i land.

Neste kamp for G13-laget er heime mot Sveio måndag 30 sept. i Prestavikjo.

Mål

0-1       11 min                             André

0-2       17 min                        André

1-2       18 min                         Skjoldar

2-2       22 min                        Skjoldar

3-2       28 min                        Skjoldar

4-2       34 min                        Skjoldar

 

Lag: Marius Søraas, Knut Nærheim, Josten Hindenes, Levar Sand, Pelle Tijhuis Kentaro Indo, Eirik S. Halgunset, Ådne Kolstø, Håvard Fattnes, Rodas Teklay, André Vatland

Innbyttarar: Aslak Fisketjøn, Jørgen Lund