Suldal takkar motstandar Sveio for kampen

Suldal takkar motstandar Sveio for kampen

Årets siste heimekamp  enda med tap i nydeleg haustver i Prestavikjo. Sjølv om kampen starta bra for heimelaget, var det ikkje ufortent at det var Sveio som stakk av med sigeren denne gong.

Det var ei jamnspelt opning på kampen, men Suldal kom først føre i målprotokollen. Gunnar vann ballen på venstresida, slo over mot høgre der han fann Pelle. Avslutninga hans vart redda, men Håvard sette inn returen heilt inne ved stolperota. Eit fint angrep! Utover i omgangen tek bortelaget meir over. Men iherdig forsvarsjobbing av heile laget, anført av keeper Robin og midtstopparparet Knut og Jostein, samt unøyaktige avslutningar frå Sveio, gjer at Suldal held leiinga si til pause.

God innsats og lange skuggar under oppvarminga

God innsats og lange skuggar under oppvarminga

Andre omgang startar som første med godt suldalsspel. Men denne kvelden vil det seg ikkje heilt i angrep. Utover i omgangen er det Sveio som styrer kampen. Unøyaktig pasningsspel gjer at Suldal rotar bort ballen før dei kjem i skoringsposisjon. I staden er det Sveio som etter annulert offsidemål, og stolpetreff endeleg finn vegen til nettmaskane. Eit presist slått hjørnespark vert kontant plassert i mål til 1-1. Og no skjer ting fort: Sveio får blod på tann, medan Suldal vert akkurat så forsiktige at dei kjem på etterskot når Sveio går i angrep. 1-2 kjem etter eit balltap på midten, der heimelaget aldri får sett inn ei takling på spelaren som fossar mot mål. Dette gjentek seg like etter. Dermed har Sveio snudd 1-0 til 1-3 i løpet av bare 3 minutt! Ufortent var det ikkje kampen sett under ett.

Men Suldal skal ha ros for at dei ikkje let denne kalddusjen knekka seg. Dei jobba og sleit til siste minutt mot motstandarar som denne gongen rett og slett var hakket betre. Og sjølv om det vart enda eit mål i sekken før dommar Jan Kristian bles av kampen kan gutane vere nøgde med eigen innsats mot ein godt bortelag.

Årets siste kamp er borte mot Sauda onsdag 16 oktober.

Mål

1-0       16 min                        Håvard

1-1       50 min                        Sveio

1-2       51 min                        Sveio

1-3       53 min                        Sveio

1-4       60 min                        Sveio

Lag: Robin Straabø, Knut Nærheim, Jostein Hindenes, Jørgen Lund, Jone Odden, Eirik S. Halgunset, Gunnar Skålheim, Pelle Tijhuis, Håvard Fattnes, Daniel B. Espe, André Vatland,

Innbyttarar: Marius Søraas, Ådne Kolstø, Levar Sand, Rodas Teklay,