sunde

Tredje siste serierunden vår skulle vise seg å gi oss den tredje seieren for sesongen. Nok ein gong var det Sunde som skulle få gå i dusjen med null poeng etter kamp mot gutane frå Suldal.

Underteikna har til dels slitt med å få til lag denne sesongen. Me har alltid stilt uansett om det på det verste har blitt over femten, nei til kamp. Til denne kampen måtte me faktisk utelate folk frå troppen. Folk som i utgangspunktet ville vore bankers i ein suldalstropp. Når ein kan stille med det laget som me gjorde denne laurdagen, veit me at me skal vera vanskeleg å slå.

Til denne kampen ville Simmen satse på ein offensiv formasjon, der tempo i spel og høgt press skulle vera hovudingrediensen. Dette har me prøvd før utan hell, men i denne kampen kan det rett og slett ha vore den perfekte kampplan.
Det er ikkje ofte at forfattaren til dette innlegget ser kampen frå sidelinja, men eg fekk sjå eit suldalslag som virkeleg gutsa til i duellane og som spelte god fotball. Laget spelte med senka skuldre og ting fungerte bra både deffensivt og offensivt.

Etter tretti minutt skulle også belønningen koma i form av mål til heimelaget. Suldal rulla opp langs høgre side, ballen traff Hallvard som gav den vidare til Espen. Erfjordbuen som er busett på Jelsa fekk akkurat nok tid til å sjå kor målet var. Han sette ballen forbi keeperen frå Sunde og heimaleiinga var eit faktum. Laga gjekk også til pause med dette resultatet.

I pausen hadde me fokus på å fortsette med spelet vårt. Me skulle ta for oss i duellane og spela ball.
Prestasjonane over to omgangar har ofte vore avgjerande for kampane våre denne sesongen. I fire kampar har me hatt to omgongar der me har vore bra. I tre av desse har me tatt med oss tre poeng og den siste var POL heldige då dei slo oss i Suldal.

Dette var også ein kamp der me fullførte kampen med to gode omganger. Gutane gjorde som i første omgang og gav alt. God jobb er sjelden forgjeves og det skulle komme eit til mål til for heimelaget. Målet vert scora mot «nuten» av Tore Søraas. Likevel må Lars få meste del av æra for dette målet. Ungguten elga seg oppover langs høgresida si. I perfekt stil klarte han å sende ballen i framfor motstandaren sin keeper. I enden på denne pasningen stod då nevnte Søraas og kunne enkelt sette ballen i nettmaskene. To mål i favør Suldal mot smultringen til Sunde.

Seieren vår var aldri heilt i fare, men ei scoring av dei gule med raude vestar då det gjenstod tjue minutt av kampen gjorde sitt til at me fekk litt spenning mot slutten. Likevel klarte me å ri seieren i land. Ein seier av den fortjente sorten vil mange seia.
Etter at Vidar 2 knuste Forsand og dermed sikra seg opprykk til fjerde divisjon kom me igjen opp i ryggen på det blå laget som har Skogbakken grasbane som si slagmark. To kampar har me igjen før ein endeleg kan ta ferie for denne sesongen. Om det vert femte, sjette eller sjuende divisjon vil desse to kampane avgjer sjebnen vår. Søndag 13 oktober tek me imot eit Vidar 2 i opprykksmodus og dei vil heilt sikkert gi alt for å få med seg nye tre poeng frå ein bortekamp. Me skal hvertfall vera klar for å ta imot Gaute Johannesen og gutane hans klokka 14.30 på søndag.

Mål/assist
Espen/Hallvard
Tore/Lars

Gule kort: Johannes, Jone

Laget: Erik W Vold, Mikkel Wiegestrand, Sigvart Vårvik, Johannes Wiegestrand, Nils Arne Moe, Jone Utbjoa, Steffen Øigjord, Tore B. Søraas, Lars Lavalette, Hallvard Erfjord, Espen Josdal.
Benytta innbyterar: Øyvind Gjuvsland, Tim Sparchholz og Ingve Berge