Slitne suldalsgutar ga alt men må innsjå at det vert tap mot Sauda

Slitne suldalsgutar ga alt men må innsjå at det vert tap mot Sauda

Då er sesongen over for 13-årslaget frå Suldal. Sjølv om det i haustens siste kamp vart tap i nabooppgjeret mot Sauda, har suldalsgutane vist at dei kan spele god fotball. Også i denne kampen ga dei motstandare hard motstand, og det hadde ikkje vore ufortent om dei hadde fått med seg poeng.

I perioden før og etter pausen var Suldal spelemessig det beste laget, og laget var og effektive i 1 omgang då dei skora på 3 av sine fire-fem målsjansar. Og sjølv om Sauda hadde eit spelemessig overtak i åpningsminutta, var det var Suldal som skora først. André vart spelt åleine gjennom og gjorde ingen feil mot Sauda sin keeper. Men Sauda var det førande laget i starten av kampen. Anført av den gode kapteinen utnytta dei ved 2 høve at suldalsforsvaret stod vel høgt, og sprang rett gjennom i bakrommet. Kampen var dermed snudd på mindre enn 5 minutt.

Suldal gir seg ikkje: Like etter produserer dei eit fint angrep der ballen vert spelt frå Eirik til André, som kjem åleine gjennom. Han får ballen litt skrått i forhold til målet, men klarer å vende opp ved dødlinja før han serverer ballen til Håvard som skorer sikkert. Men Sauda svarar umiddelbart: Suldal tapar ein duell på midten og kjem for tredje gong på etterskot då raske saudaspelarar set full fart mot målet.

Resten av omgangen får Suldal meir og meir fasong på spelet sitt. Fleire fine angrep vert bygd opp bakfrå, spelarane gjer gode rørsler både med og utan ball og jobbar saman som eit lag. Det er derfor vel fortent at utlikninga kjem like før pause då Håvard ekspederer ei langpasning frå Eirik i mål.

Etter pause fortset Suldal det gode spelet der dei let ballen gjere jobben. Fleire store sjansar vert produsert; den største då Kentaro frå 10 meter set ballen i stonga. Men effektiviteten frå første omgang er borte. Sauda som har vore tamme etter pause kjem etter kvart meir med i kampen igjen og tek leiinga midtvegs i omgangen. Suldal fortset å kjempa utan å kome til dei store sjansane, men det er spenning og nerve i kampen. Og avgjerda kjem ikkje før like før slutt då Sauda sin kaptein herjar med suldalsspelarane ute på venstrekanten, sender av garde eit presist innlegg som enkelt vert plassert i mål.

Dermed er kampen og sesongen over for i år. Laget har spelemessig tatt store steg sidan oppstarten i vinter. Spelarane viser stor treningsiver og godt samhald. No ventar ein treningspause før oppkjøringa til neste sesong startar med innetrening i Suldalshallen i november.

 

Mål

0-1       7 min               André

0-2       11 min              Sauda

2-1       15 min             Sauda

2-2       21 min             Håvard

3-2       22 min             Sauda

3-3       35 min             Håvard

4-3       54 min             Sauda

5-3       67 min             Sauda

 

Lag: Marius Søraas, Knut Nærheim, Gunnar Skålheim, Ådne Kolstø, Pelle Tijhuis, Kentaro Indo, Eirik S. Halgunset, Daniel Espe, Håvard Fattnes, Rodas Teklay, André Vatland

Innbyttarar: Aslak Fisketjøn, Jone Odden, Robin Straabø, Tobias Mathisen