Suldal kom raskt ned på jorda igjen etter den oppløftande sigeren i første kampen.mil

I andre serierunde var det Midtbygden IL som tok i mot til kamp på Tau. Dette var sesongdebuten for MIL, medan Suldal kom frå bortesiger mot Mastra i helga. Før kampen var det eitt minutt stille for å markere at miljøet rundt Midtbygden tragisk mista ein av sine i ei motorsykkelulykke sist helg.

Kampen starta jamnt, laga hadde ballen omtrent likt. MIL prøvde å spele ballen og komme rundt på kantane for så å komme til innlegg, medan Suldal spelte mest i bakrom. Begge lag kom til nokre halvsjansar, samt ein stor kvar i den første halvdelen av omgangen. MIL fekk sin største på eit skot rett utanfor målet til vikarierande målmann Geir Bjarte Hoftun. Suldal fekk sin største sjanse då seriedebutant Øystein Nærheim vart nydeleg spelt gjennom på høgresida, trur det var frå Odd Åsgeir Lunde – som hadde fleire fine pasningar i bakrom i første omgang. Øystein kom åleine mot keeper, men sette ballen rett utanfor frå skrått hald. Elles kom halvsjansane stor sett på gjennomløp frå spissane Vegard Aas og Bjørn M. Steine.

Men så glapp det. Etter 28 minutt kom MIL gjennom etter å ha komme i overtal på si høgre side. Kantspelaren deira forserte til dødlinja og slo inn. Her kom fleire MIL-spelarar før Suldal rakk å plukke dei opp, og heimelaget gjekk opp i leiinga. Resten av omgangen var det og ganske jamnt. Suldal fekk ikkje spelet til å sitje, men kom til flest halvsjansar på gjennomløp. Likevel var det noko daft over laget, gnista og tenninga frå sist kamp var ikkje heilt den same, og det var ein tendens utover i første omgang at MIL var halvsekundet før Suldal i pasningar, løp og taklingar.

Og tendensen viste seg å stemme. I andre omgang var MIL raskare, meir presise og meir på hugget. Suldølen vart springane mellom både framme, på midtbana og bak. Før me fekk gjort noko med dette, fekk vertane ganske kjapt to mål som avgjorde kampen, og måla var av den billege sorten. Ein fin lobb over keeper frå ein kantspelar som fekk stå heilt åleine, og eit mål der markeringa glapp i feltet. Etter dette gjorde Suldal nokre endringar, Ingve Berge fekk sin debut i mål i seriesamanheng, medan Geir Bjarte gjekk fram som spiss for å få større trykk mot MIL sitt mål. Det hjalp ikkje, MIL fekk sitt fjerde mål då ballen skifta retning etter eit skot. Etter dette roa kampen seg, utan at Suldal kom til nokre særleg sjansar. Mot slutten fekk så heimelaget nok eit mål slik at sluttresultatet vart 5-0.

Som venta var Midtbygden gode, spesielt viste det seg i andre omgang. Dei var godt trente og samspelte, og prøvde å spele god fotball. Dette klarte dei og etter pausen. Men Suldal var heller ikkje skikkeleg på hogget. Det blei mykje nesten, me mista ballen for ofte, og heimelaget vann dei fleste duellane. Det er ingen tvil om at me må finne tilbake til overskotet og vinnarvilja til laurdag, då Brodd 2 gjestar Prestavikjo kl 15.00. Då håpar me å reise kjerringa igjen!

Fakta:

Mål:

Berre spelarar frå MIL!

Poeng gitt av Vinjar Låjen:

3 poeng: Tor Arne Sigstad

2 poeng: Vegard Aas

1 poeng: Nils Arne Moe

Lag:

Geir Bjarte Hoftun – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Tor Olav Berge – Odd Åsgeir Lunde, Tore Sørås, Rene Adjemi, Øystein Nærheim – Bjørn M. Steine, Vegard Aas

Innbyttarar: Robert Sjøholt, Espen Overskeid, Ingve Berge, Torstein Erfjord