God start på sesongen for G16-laget

God start på sesongen for G16-laget

16-åringane starta sesongen med bortesiger. Rapportar frå kampen fortel om eit aggressivt suldalslag som tok tak i kampen frå avspark, og leia 2-0 allereie midtvegs i førsteomgangen etter skoringa av Sander og Isak. Sistnemnte varta opp med eit flott langskot frå nærare 25 meter. Etter dette vart kvaliteten på spelet meir variabelt og Falkeid arbeidde seg inn i kampen. Men nærmare skoring enn eit stolpeskot kom dei ikkje. Derimot kunne Sander fastsetje sluttresultatet til 3-0 etter vakkert suldalsspel.

Dette lovar godt for den komande sesongen, og første høve til å sjå gutane i aksjon vert heime i Prestavikjo mot Skjoldar torsdag 10 april.