Sander skora dei 4 første måla (!) mot Skjoldar

Sander skora dei 4 første måla (!) mot Skjoldar

16-årslaget kopierte 14-åringane og tok torsdag kveld sin andre siger av 2 mulege. Skjoldar ga Suldal kamp i ein omgang, men sjølv om pauseresultatet var det same som i serieopninga, ga ikkje suldalsgutane seg før dei hadde sendt 9 ballar i nettet bak bortelaget sin keeper. Etter ein førsteomgang som vart prega av tallause offisidar, fann Suldal etter pausen utav korleis dei skulle opne Skjoldar sitt forsvar: Presise ballar i rommet bak eit forsvar som stod vel høgt, viste seg å vere effektivt. Dermed går suldalgutaane inn i påska med full pott og null baklengs etter 2 kampar.

Neste kamp er borte mot Nord 2 torsd 24 april.

Målskorarar mot Skjoldar: Sander: 4, Peterson: 3, Glenn: 1 Tom: 1