Nord logo

16-årslaget til Suldal fortset å herje med motstandarane på Haugalandet. Torsdag kveld måtte kulerama fram for å halde orden i målprotokollen. Grunna ein forseinka dommar vart kampen korta ned til 2 x 30 minutt. Det skal heimelaget vera glade for, for suldalsgutane stoppa ikkje før dei hadde sett 21 ballar bak Nord sin keeper.

Om motstanden ikkje var all verda, så går meldingane frå kampen ut på at Suldal var desto meir imponerande. Mange av måla kom etter glitrande spel.

Mål: Sander: 12, Tom: 5, Torjus: 2, Gjøran: 1, Isak: 1

Neste sjanse til å sjå 16-årslaget i aksjon er heime mot Skjold tysdag 29. april. Denne kampen vert truleg spela på ei strøken grasmatte på Sand.