16-årslaget til Suldal fortsette tysdag kveld der g14-laget slapp dagen før: Motstandarar frå Haugalandet vart rundspelt etter alle kunstens reglar og vart sendt heim frå Sand med eit klart tap i sekken.
Spesielt var førsteomgangen imponerande av heimelaget, og det var smått utruleg at det ikkje vart vart fleire mål etter gedigne sjansar.
Laget verkar solid og samspelt. Fleire av spelarane har sin unge alder til tross allereie etablert seg på Suldal sitt A-lag i 6. divisjon. Ikkje minst er det defensive arbeidet imponerande, noko som har resultert i 4 strake kampar utan baklengsmål!
Offensivt var det og mange godsaker å gle seg over denne kvelden. Spelarane var flinke til å produsere sjansar ved kome rundt på kantane. Skal det setjast fingeren på noko, må det vera manglande effektivitet. Frustrasjonen på Suldal sin trenarbenk auka proporsjonalt med antal spolerte sjansar. Ballen spratt langs mållina, small i stenger eller vart måka unna av paniske forsvarsspelarar. Første halvtimen vart det difor med Sander Deilkås si eine nettkjenning på eit fint langskot, til tross for eit massivt press mot Skjold sitt mål. Men mot slutten av omgangen løsna det. Først vart ein korner heada kontant i nettet av midtstoppar Torjus Steine. Like etter auka Tom Wærnes leinga då han krangla ballen i mål etter klabb og babb framføre mål, før Sander sette inn 4-0 på eit nytt langskot.
Andre omgang starta friskt med eit fint soloraid der Glenn Søraas brukte fleire gulkledde skjoldspelarar som rundingsbøyer før han plasserte ballen kontrollert i mål. Etter dette virka Suldal nøgde. Intensiteten i spelet dala noko, og Skjold kom litt meir med i kampen, utan at det på nokon måte vart farleg framføre Marius Søraas i suldalsmålet. Like før slutt kunne Sander fastsetje sluttresultatet til 6-0 på straffe.
Dermed er Suldal åleine på tabelltoppen, med nabo Sauda på plassen under.
Neste kamp er borte mot Ølen 2 tysd 6. mai før det vert ny heimekamp tysdag 20. mai.
Mål:
17 min 1-0: Sander
31 min 2-0: Torjus
36 min 3-0: Tom
38 min 4-0: Sander
45 min 5-0: Glenn
75 min 6-0: Sander
Gule kort: 1 til kvart lag
Lag: Marius Søraas, Mikkel Wigestrand, Torjus Steine, Odd Inge Austarå, Isak Berge Espe, Tim Sparcholz, Sander Deilkås, Daniel Gjerde, Gjøran Torin Våge, Gjermund Sandvik Halgunset, Tom Wærnes.
Innbyttarar: Rodas Teklay, Jostein Hindenes, Peterson Tijhuis, Glenn Søraas, Reidar Sand