Det vart ein klar heimesiger i lokaloppgjeret mellom Suldal og Sauda  i Prestavikjo tysdag kveld. Men Sauda hang godt med frå start og det tok bortimot 20 minutt før suldalsgutane tok leiinga. Utover i omgangen styrte heimelaget meir og meir av banespelet, og gjekk opp i ei 4-0 leiing. Sauda reduserte 2 gonger, men utover i andre omgang var det lita tvil om at det var Suldal som hadde mest krefter. Heimelaget lot ballen gjere jobben, medan saudaspelarane sleit seg ut ved å springe mellom. Angrep etter angrep bølga mot Saudamålet, og då dommaren bles av kampen hadde saudakeeperen henta ballen utav nettet heile ni gonger. Fint ver heimesiger og nydeleg angrepsspel. Det vert ikkje betre enn det!

Mål: Sander: 2, Gjermund: 2, Gjøran: 2, Torjus: 2, Gunnar: 1

Gult kort: 1 til Suldal

Neste kamp er borte mot Djerv 1919 tysd 27. mai.