Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
Sander Deilkås klar for Vard FK | Suldal idrettslag

Suldalfotballen har i fleire år klart å produsert gode talent gjennom både G14, så G16 og til slutt A-laget. Fleire av desse spelerane vel å fortsetta i den svarte og gule drakten, medan nokre vel å prøva lykken andre stader.

sanderSander er ein kar som alltid har visst kva han ville. Han vil nå lengst mogeleg innan fotball og har jobba ambisiøst mot dette målet i fleire år. Lysluggen frå Sand med den gode høgrefoten har etterkvart spelt mange kampar for dei ulike kretslaga våre, før han denne sesongen har spelt fast for seniorlaget. I Sander har me hatt ein positiv spelar som alltid stiller opp og gjer maks i både kamp og på trening.

I Vard vil Sander aspirere til både G16 laget og juniorlaget og underteikna er sikker på at unge Deilkås vil oppnå alle måla sine om han trenar rett og er så målbevisst som han har vist at han er til nå.

For A-laget denne sesongen har Sander scora 3 mål og hatt 4 målgjevande pasningar på 6 kampar.

Me i Suldal synes alltid det er litt trist å mista våre unge spelerar, men me likar samstundes at gutane skal få prøve seg og utvikle seg i andre klubbar dersom forhalda ligg til rette for dette. Vi vil med dette ynskje Sander lykke til i Vard og i tillegg minna han på at døra til å koma tilbake til Suldal alltid er åpen.