Tennis i ballbingen.

Tennisbane

Tennisbane

Då er det oppmerka tennisbane i ballbingen, nett og stativ ligg i le-skuret ved sida, klar til bruk.  Nett og stativ må hengjast opp att i le-skuret etter bruk.

Skal du spela mot kona di, kameraten din eller kanskje naboen, er det greit å kunne litt om reglane når dei prøver å juksa seg til siger.  Her er link til reglane.

Det er ikkje krav til kvitt pannebånd i frottè, heller ikkje LaCoste antrekk, men ein dugande racket og tennisballar er greit å ha.  Kostar 200-300 kroner og oppover.

Korleis du set opp nettet finn du under trim si fane.