Utan 5 av spelarane i første-elveren, deriblant keeper, vart det som venta tøft i bortekampen mot Skjold tysdag kveld. Torjus og Odd Ingeimages stilte sporty opp som målmann kvar sin omgang, og måtte bare hente ut ein ball kvar ut av nettet.

Skjold tok tidleg leiinga etter forsvarsrot. Men Suldal  jobba seg inn i kampen og fekk ei fortent utlikning. Lenge såg det ut til å bli poeng, men eit stykke ut i andre omgang avgjorde heimelaget kampen til sin fordel på eit vakkert langskot.

Men suldalsgutane skal ha ros for at dei jobba godt gjennom heile kampen. Dei 3 frå 14-årslaget, Mats, Knut og Andre gjorde alle ein god figur og viste at dei vil bite godt frå seg også på dette nivået.

Neste sjanse til å sjå 16-årslaget i aksjon er toppkampen mot Ølen 2. Møt opp i Prestavikjo torsdag 11 sept kl 18.30

Mål: Glenn

Lag: Torjus Steine, Tom Wærnes, Isak B Espe, Odd Inge Austarå, Reidar Sand, Jostein Hindenes, Rodas Teklay, Andre Vatland, Knut Nærheim, Mats van Ruiven, Gunnar Skålheim, Glenn Søraas